Bibelen på nynorsk i 100 år

I 1921 blei den første heile Bibelen gitt ut på norsk. Utgåva er omtalt som Fyrebilsbibelen og var skriven på landsmål (nynorsk). Den såkalla Fyrebilsbibelen fekk tilnamnet fordi omsetjinga var meint å vere førebels, men omsetjinga fekk eit langt liv med eit opplag på 100 000 og har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk. Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk.

Flere bøker ligger på et bord

Kjøp ei nynorsk bok