Kjært barn – mange namn: Nynorskbibelen 100 år

Denne sommaren er det hundre år sidan den fyrste heile Bibelen kom ut på nynorsk. Då hadde det alt gått ein generasjon sidan Nytestamentet låg føre på landsmål. Hundreårsjubiléet for bibelomsetjinga er det all grunn til å feire, og det vil verte gjort på fleire måtar.

Fyrebilsbibelen: Bokomslag
Fyrebilsbibelen: Bibelen eller Den heilage skrifti. Dei kanoniske bøkene i Det gamle og Det nye testamentet. Oslo. Utgjeven av Bibelnemdi aat Studentmaallaget i Oslo 1921.

Av: Professor Per Halse, Volda


Denne sommaren er det hundre år sidan den fyrste heile Bibelen kom ut på nynorsk. Då hadde det alt gått ein generasjon sidan Nytestamentet låg føre på landsmål. Hundreårsjubiléet for bibelomsetjinga er det all grunn til å feire, og det vil verte gjort på fleire måtar. Denne artikkelen gjer greie for nokre sider ved 1921-bibelen i tilknyting til ulike nemningar som har vorte brukte om han.

Fyrebilsbibelen

Initiativtakarane gjorde frå starten klart at det handla om ei «fyrebils» bibelutgåve. Dei innsåg at det var ei særs langdryg oppgåve å skulle få ei fullstendig og vitskapleg omsetjing av alle skriftene etter grunntekstene. Difor vart det lagt opp til ein storstilt dugnad der både teologar, filologar og sjølvlærde nynorskbrukarar fekk fordelt dei mange tekstene mellom seg. I staden for å setje om frå hebraisk (nyomsetjinga handla nemleg om Det gamle testamentet) vart nye omsetjingar til andre nordiske språk lagde til grunn.

I påvente av ei fullstendig grunnspråkleg omsetjing handla det førebelse såleis om ei mellombels naudhjelp. Viktige argument var at mange skulekrinsar hadde landsmål som opplæringsform, og fleire og fleire kyrkjesokn gjekk over til nynorsk liturgi. I den stoda opplevde mange at bibelsaka hasta.

Studentmållagsbibelen

Tittelsida i hundreåringen slår tydeleg fast at han er «Utgjeven av Bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo». Det var det laget som tok initiativet og dreiv tiltaket fram. Sjølv om ein av nemndmedlemene seinare karakteriserte bibelprosjektet som det «merkelegaste tiltaket Studentmållaget har gjort», så var ikkje målstudentane ukjende med opplysningsarbeid og «forlagsdrift».

Den gongen var det verkeleg eit privilegium å få studere, og ikkje minst mange «bondestudentar» kjende det som eit kall å late kunnskapen kome dei breie laga i folket til gode. Studentmållaget hadde såleis fleire nemnder som arbeidde med publiseringar på nynorsk: Skuleboknemndi, Folkeskriftnemndi, Maalførenemndi, og frå rundt 1920 fekk laget ut imponerande seriar med klassiske bokverk, austerlandske bokverk og bokverk frå mellomalderen.

Den drivande krafta i Bibelnemndi var lagsveteranen Sigvat Heggstad (1885–1945). Han var son av landsmålspioneren Marius Hægstad, hadde embetseksamen i jus og arbeidde som sekretær i kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Med seg i nemnda fekk han frå starten teologistudentane Sigurd Fjær (1893–1959) og Lars Tjensvoll (1888–1982). Trønderen Fjær, seinare domprost i Nidaros, var med heile tida. Jærbuen Tjensvoll, kjend som mangeårig prost i Volda, vart avløyst først av Ola Lynum (1893–1959) frå Skogn og deretter Kristen Rekdal (1894–1933) frå Vestnes. Interessant nok var både Fjær, Lynum og Rekdal i dei to fyrste kulla som var uteksaminerte frå gymnaset i Volda.

Oppgåva som nemnda tok på seg, var ikkje lita. For det eine skulle omsetjarane veljast ut, bibeltekstene skulle fordelast på dei, og ein del purringar måtte til for å få inn manuskripta i tide. Men vel så krevjande var den økonomiske sida ved prosjektet: Hausten 1916 vart kostnadene stipulerte til kr. 25.000, og det tilsvarar over ein million i dag. Nemnda gjekk friskt i gang med pengeinnsamling – og dei unge var optimistiske: «Ja, stundom maa eg smila aat den gode trui vaar, men trui flytjer berg veit De. Dei tvo eg arbeider saman med hev slikt eit livsmot, at det er ein hugnad aa vera saman med deim i dette tiltaket. Gjev me hadde mange slike presteemne», skreiv Sigvat Heggstad om medarbeidarane Sigurd Fjær og Lars Tjensvoll.

Seippelbibelen

Alexander Seippel (1851–1931) var professor i semittiske språk, og frå tidleg på 1900-talet arbeidde han mykje med bibelomsetjing. I perioden frå 1905 til 1916 gav Samlaget ut omsetjingane hans av Mosebøkene, Josva og Domarane. Seippel tok så føre seg evangelia, og dei vart gjevne ut av Bibelselskapet frå 1915 til 1920.

Det var brei semje om at Seippel var ein dugande filolog med sikker språksans, men baksida av medaljen var at han brukte mykje tid på arbeidet: «[…] han hev det Lyte som mange slike framifraa Karar hev: han skal gjera all ting so urimeleg vel, at han aldri vert ferdig med det», sukka Arne Garborg alt i 1902. Då Studentmållaget gjekk i brodden for ei førebels omsetjing, vart Seippels innsats rosa – samstundes som dei ikkje fann det tilrådeleg å vente så lenge på ein norsk bibel:

Bibelnemndi 30. mai 1916:

Umsetjingarne aat professor Seippel hev fenge ord paa seg for aa vera den beste umsetjing til skandinavisk maal, og me ser difor med glede mot den dagen daa han hev fullenda sitt fagnaverk. Det vil vera til stor hugkveik for alle bibellesarar millom maalfolket og til den største æra for det norske maalet. Men det er som sagt langt fram dit, og det er uraad at me kann venta med ei norsk bibelutgaave til dess.

Ved oppstarten våren 1916 hadde studentane som mål å få ut nynorskbibelen til reformasjons-feiringa hausten 1917. Det synte seg etter kvart å vere urealistisk. Men ein fordel av utsetjinga var at meir av Seippels arbeid fekk plass i utgåva. I den ferdige 1921-bibelen er om lag ein tredel av tekstmengda basert på omsetjingane hans. Når det i tillegg handlar om mykje brukte skrifter som Mosebøkene, Josva, Domarane og dei fire evangelia, er det forståeleg at mange har omtalt den fyrste nynorskbibelen som Seippelbibelen.

Hognestadbibelen

I biografien om Peter Hognestad (Samlaget 2016) har eg argumentert for at namnet hans gjerne kunne vore knytt til utgjevinga for hundre år sidan. Biskop Hognestad vart frå fyrste stund involvert som rådgjevar for Bibelnemndi, og han kom til å fungere som redaktør for prosjektet. I starten gav han innspel om aktuelle omsetjarar og om korleis skriftene kunne fordelast. Frå seinhausten 1917 og fram til boka var ferdig brukte Hognestad i lag med filologen Gustav Indrebø (1889–1942) mykje tid på kvalitetssikring og korrekturlesing.

Dei to «gjennomsynsmennene» eller «revisjonskomitéen» førte ein omfattande korrespondanse om bibeltekstene desse åra. I utgangspunktet hadde Hognestad ansvar for det bibelfaglege og Indrebø for det norsk-språklege, men i praksis drøfta dei ofte spørsmåla om kvarandre. Endringane som dei gjorde i manuskripta, handla mellom anna om å tilpasse utkasta frå dei ulike omsetjarane til rettskrivinga frå 1901 og til standard oppsett i utgåvene frå Bibelselskapet. I tillegg var Hognestad og Indrebø meir varsame enn nokre av omsetjarane med omsyn på å ta inn alternative lesemåtar som den moderne tekstkritikken hadde gjort framlegg om.

Peter Hognestad hadde tidleg omsett den delen av Salmane som Elias Blix ikkje fekk fullført. Vidare hadde han omsett Ordtøka og Forkynnaren, og Bibelnemndi ønskte at han tok ansvaret for heile Jesajaboka. Det hadde ikkje biskopen kapasitet til attåt embetsgjerninga, så det profetskriftet vart delt mellom Anders Hovden, Johannes Barstad og Hognestad. Av «småprofetane» sette Hognestad om Obadja, Habakkuk og Malaki i lag med Bernt Theodor Anker, og då det drog mykje ut med Jon Mannsåkers omsetjing av Fyrste Kongebok, tok Hognestad også på seg dei fire siste kapitla der.

Nytestamentet var omsett av Johannes Belsheim, Matias Skard, Ivar Aasen og Elias Blix i 1880-åra, og Hognestad hadde gjort ein revisjon til ei illustrert utgåve i 1908. Bibelen av 1921 fekk som nemnt med Seippels nye omsetjingar av dei fire evangelia, og Hognestad laga ei nyomsetjing av Romarbrevet. Då siste korrekturen var unnagjort, takka Gustav Indrebø biskopen med varme ord:

Indrebø til Hognestad 17. mai 1921:

[…] vyrdnaden for Dykk har vakse etter kvart, for Dykkar arbeidsevne, for den takt og smak som De har synt i revisjonen av umsetjingi. Denne revisjonen, som mange stader har vorte fullstendig umarbeiding, skyldar Studentmaallaget, og det som meir er, den norske kyrkja, Dykk stor takk for. Hadde ikkje De teke hand um arbeidet soleis som De har gjort, so hadde det nok ikkje vorte so rart resultat av det.

Frå Bergen til Oslo gjekk tilsvarande inderleg takk frå Hognestad til Indrebø for «det gode og trufaste tolmodsarbeid» som han hadde ytt. Her kan det leggast til at Indrebø-familien har spela fleire viktige roller i soga om nynorskbibelen. 1938-utgåva er kjend som Indrebø-bibelen. Dåverande Oslo-prest og seinare biskop i Bjørgvin, Ragnvald Indrebø (1891–1984), reviderte 1921-bibelen til betre samsvar med bokmålsbibelen av 1930. Språkleg heldt han seg til «det som eg hadde vorte samd med bror min om, elles så heldt eg på det gamle i den fyrste nynorske omsetjinga så langt råd var» (etter Jarle Bondevik 2003). I tillegg kan nemnast at Sigurd Fjær, teologen som var sentral på den faglege sida i Bibelnemndi, i 1925, vart gift med Astrid Indrebø, som var syster av Gustav og Ragnvald.

Ikkje perfekt, men kjær

Då den fyrste nynorskbibelen var klar, vurderte Peter Hognestad han ikkje som fullkomen, men «godt brukande». Ei fullkomen omsetjing kan me vel vanskeleg tenkje oss. Studentmållaget framheva det førebelse i påvente av ei grundig vitskapleg utgåve, basert heilt og fullt på grunntekstene. Samstundes vil ei kvar bibelomsetjing vere nettopp «førebels». No er det ei vanleg oppfatning at revisjonar eller nyomsetjingar av Bibelen bør kome for kvar generasjon, altså med om lag 30 års mellomrom, for å vere oppdaterte både på bibelforskinga og på språkutviklinga i samtida.

Om ikkje den Bibelen som me no markerer 100-års-minnet for, var perfekt, så var han særs kjærkomen i 1921. Mange hadde lengta og venta lenge på å få lese alt Guds ord på sitt eige språk. No hadde ein endeleg ikkje berre salmar, liturgi og visse tekstutdrag på nynorsk, men heile Bibelen på «hjartespråket»!

«Fyrebilsbibelen» frå Studentmållaget har også hatt ei rik og lang verknadshistorie. Ikkje berre står seinare revisjonar og omsetjingar i gjeld til dette pionerarbeidet, men kombinasjonen av språk og innhald har vore – og er – ein kjær skatt for mange. Fleire nynorsk-forfattarar har henta inspirasjon i bibelutgåva frå 1921. Dette var Olav H. Hauges bibel, og i Gs bok frå 2008 skreiv Paal-Helge Haugen dikt som «samtalar» med tekster frå årets jubilant.

Bokforside: Anders Aschim og Per Halse: «Den fyrste bibelen paa norsk» – Historia om Fyrebilsbibelen».

100-årsfeiring

Med utgangspunkt i den fyrste nynorskbibelen har Nynorsk kultursentrum laga ei aktuell vandreutstilling om bibelomsetjing. Elles vert jubiléet markert mellom anna under Dei nynorske festspela i juni og med ei festgudsteneste i Nidarosdomen i juli. Ut på sommaren kjem det også ei eiga bok om Fyrebilsbibelen på Novus forlag – av professor Anders Aschim og underskrivne.


Denne artikkelen stod først på trykk i bladet «Stille stunder» nr. 3, juni 2021. www.stille-stunder.com