35 Kast ikkje bort frimodet dykkar! For det gjev stor løn. 36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.
37 For enno er det berre ei lita stund,
så kjem han som skal koma,
og han skal ikkje dryga.
38 Min rettferdige skal leva ved tru;
men dreg han seg unna,
har mi sjel inga glede i han.
39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.
Kilde: www.bibel.no