Vel kyrkjeårsdag

5. søndag i påsketida

18 Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? 19 Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»
   
20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med? 21 Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

Luk 13,18-21

8 Då kom Herrens ord til Elia: 9 «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»
   
10 Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» 11 Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!» 12 Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.» 13 Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

1 Kong 17,8-16

1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
   
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.

Rom 12,1-3

2 Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker. 3 David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.» 4 David sende bod og henta henne til seg. Ho kom til han, og han låg med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.
   
5 Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.»

14 Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria. 15 I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast. Trekk dykk så tilbake frå han, så han fell og mistar livet!» 16 Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar. 17 Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.
   

1 Herren sende Natan til David. Han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. 2 Den rike hadde småfe og storfe i mengd. 3 Den fattige eigde ikkje anna enn eit einaste lite holam som han hadde kjøpt. Han alte det opp, og det voks til saman med borna hans, åt av brødet hans, drakk av begeret hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. 4 Ein dag kom det ein ferdamann til den rike. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. Han tok lammet som den fattige eigde, og laga det til for mannen som var komen.»
   
5 Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy! 6 Og han skal betala firdobbelt for lammet fordi han gjorde dette og var så hjartelaus.» 7 Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand. 8 Eg gav deg huset til herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels hus og Judas hus. Og om det var for lite, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. 9 Kvifor har så du forakta Herrens ord og gjort det som vondt er i hans auge? Hetitten Uria har du drepe med sverd. Du lét ammonittane drepa han, og kona hans tok du og gifte deg med. 10 Frå no skal sverdet aldri vika frå ditt hus, sidan du har forakta meg og teke kona åt hetitten Uria.

2 Sam 11,2-5.14-17;12,1-10

42 Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Apg 2,42-47

11. mai 2021

Dagens Bibelord

Johannes 17,1–5

Les i nettbibelen

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. ... Vis hele teksten

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.