Vel kyrkjeårsdag

Pinsedag

23 Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. 25 Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. 27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.

Joh 14,23–29

1 Heile verda hadde same språk og same ord. 2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
   
5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

1 Mos 11,1–9

1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
   
5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

Apg 2,1-11

1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
   
5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» 13 Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.» 14 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:
        «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!
15 Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
          
   
17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
           at eg auser ut min Ande over alle menneske.
           Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
           dei unge skal sjå syn,
           og dei gamle skal drøyma draumar.
          
   
18  Sjølv over slavane og slavekvinnene mine
           vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,
          og dei skal tala profetord.
          
   

Apg 2,1-18

1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp. 5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.

Rom 5,1–5

07. juli 2022

Dagens bibelord

Ordtaka 7,1–3

Les i nettbibelen

1Son min, ta vare på orda mine, gøym boda mine hos deg! 2Hald fast på boda, så skal du leva, ta vare på mi rettleiing som din augnestein! 3Bind dei fast til fingrane, skriv dei på di hjartetavle!

1Son min, ta vare på orda mine, gøym boda mine hos deg! 2Hald fast på boda, så skal du leva, ta vare på mi rettleiing som din augnestein! 3Bind dei fast til fingrane, skriv dei på di hjartetavle!