Vel kyrkjeårsdag

3. søndag i treeiningstida

13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. 14 Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» 16 Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Mark 10,13-16

9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli sat på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel. 10 I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. 11 Ho gav ein lovnad og sa: « Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» 12 Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga. 13 For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full, 14 og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!» 15 «Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet. 16 Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.» 17 Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» 18 Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.
   

1 Sam 1,9-18

1 Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han. 2 Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er. 3 Kvar den som har dette håpet til han, reinsar seg, slik Kristus er rein.

1 Joh 3,1-3

13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. 14 Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» 16 Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Mark 10,13-16

07. juli 2022

Dagens bibelord

Ordtaka 7,1–3

Les i nettbibelen

1Son min, ta vare på orda mine, gøym boda mine hos deg! 2Hald fast på boda, så skal du leva, ta vare på mi rettleiing som din augnestein! 3Bind dei fast til fingrane, skriv dei på di hjartetavle!

1Son min, ta vare på orda mine, gøym boda mine hos deg! 2Hald fast på boda, så skal du leva, ta vare på mi rettleiing som din augnestein! 3Bind dei fast til fingrane, skriv dei på di hjartetavle!