Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Krønikebok

19

Krig med ammonittane og aramearane

1 Ei tid seinare døydde Nahasj, kongen til ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han. 2 Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, for far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre utsendingar for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun, 3 sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, mennene hans er nok heller komne til deg for å spionera og utforska og endevenda landet.» 4 Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg. 5 Det kom folk til David og fortalde om mennene. Då sende han folk i møte med dei, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6 Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Hanun og ammonittane sende 1000 talentar sølv for å leiga vogner og ryttarar frå aramearriket mellom elvane og frå aramearriket Maaka og frå Soba. 7 Dei leigde seg 32 000 vogner og fekk med seg kongen i Maaka og krigsfolket hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.

8 Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren. 9 Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve på open mark. 10 Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut nokre av dei beste krigarane i Israel og stilte dei opp mot aramearane. 11 Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane. 12 Så sa han: «Blir aramearane for sterke for meg, må du koma meg til hjelp; og blir ammonittane for sterke for deg, skal eg hjelpa deg. 13 Ver sterk! Lat oss vera uredde i kampen for folket vårt og for byane til vår Gud, så får Herren gjera det som er best i hans auge.» 14 Så gjekk Joab og mennene hans til åtak på aramearane, og dei flykta for han. 15 Då ammonittane såg at aramearane rømde, flykta dei òg for Absjai, bror til Joab, og kom seg inn i byen. Då drog Joab tilbake til Jerusalem.

16 Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bodberarar til aramearane som budde på andre sida av Eufrat, og fekk dei til å ta ut. Sjofak, hærføraren til Hadadeser, førte dei. 17 Då David fekk melding om dette, samla han heile Israel og sette over Jordan. Han kom mot dei og fylka hæren. David fylka hæren for å møta aramearane i krig. Og dei gjekk til åtak på han. 18 Men aramearane måtte flykta for israelittane, og David drap mannskapet på 7000 av stridsvognene til aramearane og 40 000 mann av fotfolket. Sjofak, hærføraren, drap han òg. 19 Då mennene til Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, slutta dei fred med David og gav seg under han. Sidan ville ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.