Gå til forsiden

Første Krønikebok

22 1 Då sa David: «Her skal Herren Guds hus stå, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»

Salomo skal byggja tempelet

2 Så baud David at innflyttarane som budde i Israel, skulle samlast. Han peika ut steinhoggarar til å hogga ut steinblokker som Guds hus skulle byggjast av. 3 David gjorde klar ei mengd med jern til spikrar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast, 4 og tallause sederbjelkar. For mennene frå Sidon og Tyros førte sedertre i mengd til David. 5 David sa: «Salomo, son min, er ung og urøynd, men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det blir kjent og heidra i alle land. Difor vil eg gjera førebuingar for han.» Og David gjorde store førebuingar før han døydde.

6 Så kalla han til seg Salomo, son sin, og påla han å byggja eit hus for Herren, Israels Gud. 7 David sa til han: Son, av heile mitt hjarte ønskte eg å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud. 8 Men Herrens ord kom til meg: «Mykje blod har du aust ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus for mitt namn, for du har aust ut mykje blod på jorda for mitt andlet. 9 Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro. 10 Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. Eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.» 11 Og no, min son, måtte Herren vera med deg! Måtte du lukkast med å byggja huset til Herren din Gud, slik som han har sagt om deg. 12 Måtte Herren gje deg forstand og innsikt når han set deg over Israel, så du held lova til Herren din Gud! 13 Då skal du lukkast, om du legg vinn på å halda dei forskriftene og boda som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver modig og sterk! Ver ikkje redd og mist ikkje motet! 14 Sjå, med strev har eg samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og bronse og jern i slike mengder at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg skaffa, og meir kan du sjølv leggja til. 15 Arbeidsfolk har du i mengder: steinhoggarar, murarar og tømrarar, dyktige folk til allslags arbeid. 16 På gull, sølv, bronse og jern finst det ikkje ende. Gå til verket! Måtte Herren vera med deg!

17 David påla alle leiarane i Israel å hjelpa Salomo, son hans: 18 « Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk fred på alle kantar. Han har gjeve dei som budde i landet, i mine hender, og landet er lagt under Herren og folket hans. 19 Så legg no hjarte og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Gå i gang med å byggja heilagdomen for Herren Gud. Så kan de føra Herrens paktkiste og det heilage utstyret inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.