Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Krønikebok

25

Songarane

1 David og hærførarane skilde ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun for tempeltenesta. Dei var profetar som spela på lyre, harpe og symbalar. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta: 2 av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela, sønene til Asaf, under leiing av Asaf, som profeterte på oppdrag frå kongen; 3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i alt, under leiing av Jedutun, far deira, som profeterte til Herrens lov og pris på lyre; 4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot. 5 Alle var dei søner av Heman, sjåaren til kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer. 6 Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i Herrens hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen. 7 Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var 288, dugande songarar alle saman.

8 Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen». 9 Det første loddet fall på Josef av Asaf-slekta; det andre på Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt; 10 det tredje på Sakkur med søner og brør, tolv i alt; 11 det fjerde fall på Jisri med søner og brør, tolv i alt; 12 det femte på Netanja med søner og brør, tolv i alt; 13 det sjette på Bukkia med søner og brør, tolv i alt; 14 det sjuande på Jesarela med søner og brør, tolv i alt; 15 det åttande fall på Jesaja med søner og brør, tolv i alt; 16 det niande på Mattanja med søner og brør, tolv i alt; 17 det tiande på Sjimi med søner og brør, tolv i alt; 18 det ellevte på Asarel med søner og brør, tolv i alt; 19 det tolvte fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i alt; 20 det trettande på Sjubael med søner og brør, tolv i alt; 21 det fjortande på Mattitja med søner og brør, tolv i alt; 22 det femtande på Jeremot med søner og brør, tolv i alt; 23 det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i alt; 24 det syttande på Josjbekasja med søner og brør, tolv i alt; 25 det attande på Hanani med søner og brør, tolv i alt; 26 det nittande på Malloti med søner og brør, tolv i alt; 27 det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i alt; 28 det tjueførste på Hotir med søner og brør, tolv i alt; 29 det tjueandre på Giddalti med søner og brør, tolv i alt; 30 det tjuetredje på Mahasiot med søner og brør, tolv i alt, 31 og det tjuefjerde loddet fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i alt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.