Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Krønikebok

5

Stammane austafor Jordan

1 Sønene til Ruben, Israels førstefødde son. – Han var den førstefødde, men fordi han vanæra leiet til far sin, vart førstefødselsretten gjeven vidare til etterkomarane av Josef, son til Israel. Og Ruben vart ikkje oppskriven som den førstefødde i slektsregisteret. 2 Juda vart den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde førstefødselsretten. –

3 Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Henok, Pallu, Hesron og Karmi. 4 Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi. 5 Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal. 6 Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen. 7 Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja 8 og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.

Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon. 9 Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead. 10 I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

11 Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka. 12 Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan, 13 og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt. 14 Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus. 15 Ahi, son til Abdiel, Guni sin son, var leiar for familiane deira. 16 Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rekk. 17 Dei vart alle oppskrivne i slektsregister i dei dagane då Jotam var konge i Juda og Jeroboam var konge i Israel.

18 Ruben-stammen og Gad-stammen og halve Manasse-stammen hadde djerve menn som bar skjold og sverd og spente bogen, og som var opplærte til krig. Dei var 44 760 stridsføre menn. 19 Dei førte krig mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab. 20 Dei fekk hjelp imot dei, og hagrittane og alle som var i lag med dei, vart gjevne over i deira hender. For dei ropa til Gud i kampen, og dei vart bønhøyrde fordi dei sette si lit til han. 21 Dei tok med seg buskapen til fienden: 50 000 kamelar, 250 000 småfe, 2000 esel og dessutan 100 000 menneske. 22 Det var mange drepne og falne, for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i staden for hagrittane heilt til eksilet.

23 Den eine halvparten av Manasse-stammen budde i landet frå Basan og til Baal-Hermon, Senir og Hermon-fjellet. Og dei vart talrike. 24 Dette var leiarane for familiane deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jahdiel. Dei var modige krigarar og namngjetne menn, leiarar for familiane sine.

25 Men dei var trulause mot sine fedrars Gud. Dei hora med dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rydda ut for dei. 26 Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.