Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' første brev til korintarane

5

Blodskam og hor

1 Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin. 2 Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk. 3 For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades. 4 De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss. 5 Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag. 6 De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? 7 Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. 8 Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.

9 I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor. 10 Då meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut av denne verda. 11 Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med. 12 Kva har vel eg med å dømma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de skal dømma? 13 Dei som står utanfor, skal Gud dømma. Så støyt den vonde ifrå dykk!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.