Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' første brev til korintarane

7

Ekteskap og ugift stand

1 Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne. 2 Men for å unngå hor skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann. 3 Mannen skal gjera mot kona det han skyldar, og like eins kona mot mannen. 4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen. Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona. 5 Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande. 6 Dette er meint som ei tillating, ikkje som eit påbod. 7 For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.

8 Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg. 9 Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst. 10 Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin – 11 om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.

12 Til dei andre seier eg, og ikkje Herren: Om ein kristen bror har ei kone som ikkje trur, og ho gjerne vil bli buande saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne. 13 Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen. 14 For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage. 15 Men vil den som ikkje trur, skilja seg, så lat han skilja seg. I slike tilfelle er ikkje den truande broren eller systera bunden. Gud har kalla dykk til fred. 16 For kva veit du, kvinne, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?

17 Difor skal kvar og ein leva livet sitt der Herren har sett han, så som Gud har kalla kvar einskild. Dette pålegget gjev eg i alle forsamlingane. 18 Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje prøva å gjera det om. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera. 19 Det avgjerande er ikkje om ein er omskoren eller uomskoren, men at ein held Guds bod. 20 Kvar og ein skal bli verande i det kallet han hadde då han vart kalla. 21 Var du slave då du vart kalla? Bry deg ikkje om det! Men kan du bli fri, så vel heller det. 22 For den som var slave då Herren kalla han, er Herrens frigjevne. På same måten har den som var fri då han vart kalla, vorte Kristi slave. 23 De er kjøpte, og prisen er betalt. Så bli ikkje slavar for menneske. 24 Kvar og ein skal bli verande der han var då han vart kalla, sysken, og han skal vera der for Gud.

25 Når det gjeld dei unge jentene, har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera truverdig. 26 På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det blir verande som det er. 27 Er du bunden til ei kvinne, så prøv ikkje å bli fri. Er du ikkje bunden til ei kvinne, så prøv heller ikkje å finna deg ei kone. 28 Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som gifter seg, kjem til å møta vanskar i livet, og det vil eg gjerne spara dykk for. 29 For det seier eg, brør, at tida blir stadig kortare. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde, 30 dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje eigde det, 31 og dei som bruker det som er i verda, som om dei ikkje brukte det. For denne verda slik ho er, går under.

32 Eg vil at de skal vera frie for uro. Den ugifte har omsorg for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera til glede for Herren. 33 Men den som er gift, har omsorg for det som høyrer verda til, korleis han kan vera til glede for kona, 34 og så blir sinnet delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsorg for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på kropp og sjel. Men den gifte kvinna har omsorg for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera til glede for mannen. 35 Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje leggja band på dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast og heilhjarta til Herren.

36 Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med kjærasten sin på sømeleg vis fordi han er i si fulle kraft, då skal han gjera som han vil, når så må vera: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det. 37 Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og i sitt hjarte har teke den avgjerda å la jenta bli verande jomfru, han gjer vel i det. 38 Så gjer den rett som gifter seg med kjærasten sin, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.

39 Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det blir gjort i Herren. 40 Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg meiner at eg òg har Guds Ande.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.