Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Johannes' første brev

1

Livsens ord

1 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

Lev i lyset

5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. 6 Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.