Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Kongebok

10

Dronninga av Saba besøkjer Salomo

1 Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og ville prøva han med gåter. 2 Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje, med kamelar som bar balsamoljar, store mengder gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet. 3 Og Salomo tydde alle gåtene hennar. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar. 4 Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd, 5 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten. 6 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! 7 Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt. 8 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din! 9 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»

10 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.

11 Flåten til Hiram som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg store mengder sandeltre og edelsteinar derifrå. 12 Av sandeltreet fekk kongen laga utsmykkingar til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet, og så mykje har ikkje vore å sjå til denne dag.

13 Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

Salomos rikdom

14 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull. 17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 19 Seks steg førte opp til trona, og stolryggen var runda øvst. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve. 20 På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23 Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom. 24 Og frå heile verda søkte dei Salomo for å høyra visdomen som Gud hadde lagt ned i hjartet hans. 25 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.

26 Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem. 27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet. 28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling. 29 Kvar vogn som vart ført inn frå Egypt, kosta seks hundre sjekel sølv, og kvar hest eitt hundre og femti sjekel. Så selde dei hestar og vogner vidare til hetittkongane og aramearkongane.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.