Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Kongebok

17

Elia og ramnane

1 Elia frå Tisjbe, ein av innbyggjarane i Gilead, sa til Ahab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei første åra skal det korkje koma dogg eller regn utan på mitt ord.»

2 Då kom Herrens ord til Elia: 3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan! 4 Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.» 5 Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der. 6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.

Elia og enkja i Sarepta

7 Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia: 9 «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»

10 Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» 11 Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!» 12 Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.» 13 Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

Elia vekkjer opp son til enkja

17 Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han. 18 Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.» 19 Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si. 20 Han ropa til Herren og sa: « Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hos, at du lèt son hennar døy?» 21 Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: « Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!» 22  Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att. 23 Elia tok barnet og bar det frå takkammeret og ned i huset. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!» 24 Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.