Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Kongebok

20

Ahabs krigar med aramearane

1 Aramearkongen Ben-Hadad samla heile hæren sin. Trettito kongar følgde han med hestar og vogner. Han drog opp, kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen. 2 Han sende bod inn i byen til Ahab, kongen i Israel, 3 med denne meldinga: «Så seier Ben-Hadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei vakraste konene og borna dine er mine.» 4 Israels-kongen svara: «Det skal vera som du seier, herre konge. Eg og alt eg eig, er ditt.»

5 Sendeboda kom att og sa: «Så seier Ben-Hadad: Eg sende bod til deg og sa: Du skal gje meg sølvet og gullet og konene og borna dine. 6 I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både slottet ditt og husa til mennene dine. Alt det som auga dine gleder seg ved, skal dei ta med seg.» 7 Då kalla Israels-kongen saman alle dei eldste i landet og sa: «No ser de klårt at denne mannen berre vil oss vondt. Då han sende bod til meg etter konene og borna mine, sølvet og gullet mitt, nekta eg han det ikkje.» 8 Alle dei eldste og heile folket sa då til han: «Ikkje høyr på han, ikkje gjev etter!» 9 Ahab sa til sendeboda frå Ben-Hadad: «Sei til min herre kongen: Alt det du første gongen sende bod til tenaren din om, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Sendeboda drog bort og bar svaret fram.

10 Endå ein gong sende Ben-Hadad bod til han og sa: «Måtte gudane la det gå meg ille både no og sidan om det blir nok støv att av Samaria til at folket som følgjer meg, kan få ei handfull kvar.» 11 Israels-kongen svara: «Sei til han at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta slik den gjer som tek det av seg.» 12 Ben-Hadad fekk denne meldinga medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa då til mennene sine: «Still dykk opp!» Dei stilte seg opp for å storma byen.

13 Då gjekk ein profet fram for Ahab, kongen i Israel, og sa:

«Så seier Herren:

Ser du denne store flokken?

I dag gjev eg han i dine hender,

og du skal sanna at eg er Herren

14 «Kven skal gjera dette?» spurde Ahab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene til futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja krigen?» Han svara: «Du sjølv.»

15 Ahab mønstra mennene til futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann. 16 Dei rykte ut ved middagstid medan Ben-Hadad sat i Sukkot og drakk seg full saman med dei trettito kongane som slutta opp om han. 17 Mennene til futane drog først ut. Ben-Hadad hadde sendt ut folk, og dei kom og melde at nokre menn hadde drege ut frå Samaria. 18 Då sa han: «Har dei rykt ut i fredeleg ærend, så ta dei levande. Har dei rykt ut for å strida, så ta dei levande då òg.»

19 Så drog dei ut av byen, både mennene til futane og hæren som følgde dei. 20 Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane flykta, og israelittane forfølgde dei. Aramearkongen Ben-Hadad slapp unna til hest saman med nokre ryttarar. 21 Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Slik gav han aramearane eit stort nederlag.

22 Då steig profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Gå og rust deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For ved årsskiftet vil aramearkongen dra opp mot deg att.»

23 Mennene til aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men kjempar vi mot dei på sletta, vinn vi over dei. 24 Dette skal du gjera: Avset alle desse kongane og set inn statthaldarar i staden! 25 Du skal stilla opp ein hær som er like stor som den du mista, med like mange hestar og vogner. Lat oss så kjempa mot dei på slett mark. Då skal vi sikkert slå dei.» Kongen høyrde på rådet og gjorde som dei sa.

26 Ved årsskiftet mønstra Ben-Hadad aramearhæren. Han drog opp til Afek for å kjempa mot Israel.

27 Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt imot dei som to små geiteflokkar, medan aramearhæren fylte heile landet. 28 Då steig gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein gud i dalane, så vil eg gje heile denne store flokken i di hand, og de skal sanna at eg er Herren

29 I sju dagar låg hærane midt imot einannan. Den sjuande dagen byrja krigen. Israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket til aramearane. 30 Dei som var att, flykta til byen Afek. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.

Ben-Hadad flykta òg. Han flykta inn i byen og sprang frå rom til rom. 31 Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane av Israels hus er forsonlege. Lat oss binda sekkestrie om hoftene og leggja tau om hovudet og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.» 32 Så batt dei sekkestrie om hoftene og tau om hovuda, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Din tenar Ben-Hadad bed om at du må la han få leva.» Ahab svara: «Lever han enno? Han er bror min.» 33 Mennene tykte dette var eit godt varsel. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Ben-Hadad er bror din.» Då sa Ahab: «Gå og hent han!» Ben-Hadad kom ut til han, og Ahab lét han stiga opp i vogna si. 34 Då sa Ben-Hadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje deg tilbake. Og du kan få byggja basargater i Damaskus, slik far min gjorde i Samaria.» Ahab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Ben-Hadad og sleppte han fri.

Eit profetord om Ahabs død

35 Ein av profetlæresveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen nekta. 36 Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.

37 Så møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Mannen slo til han og gav han eit sår. 38 Profeten gjekk og stilte seg opp på vegen for å venta på kongen. Han hadde knytt eit bind for auga så ingen kunne kjenna han att. 39 Då kongen kom forbi, ropa profeten til han: «Tenaren din gjekk med i den verste striden. Midt i striden kom det ein bort til meg med ein mann og sa: Sjå vel etter denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv. 40 Men då tenaren din hadde det travelt med både det eine og det andre, vart mannen borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.» 41 Då reiv profeten bindet frå auga, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane. 42 Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du lét den mannen som eg hadde bannlyst, sleppa unna, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.» 43 Så drog Israels-kongen heim. Motlaus og bitter kom han til Samaria.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.