Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Kongebok

22

Profeten Mika, son til Jimla

1 Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei. 2 Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel. 3 Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!» 4 Og til Josjafat sa han: «Vil du gå med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!» 6 Då samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.» 7 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» 8 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» 9 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»

10 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte. 11 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.» 12 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»

13 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!» 14 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.» 15 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene på kongen.» 16 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» 18 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

19 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida. 20 Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 21 Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren. 22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 23 Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.

24 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?» 25 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.» 26 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj 27 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.» 28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»

Ahab fell

29 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead. 30 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen. 31 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.» 32 Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så vende dei seg mot han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt. 33 Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.

34 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.» 35 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna. 36 Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!» 37 Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han. 38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

39 Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 40 Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.

Kong Josjafat i Juda

41 Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda. 42 Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi. 43 Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge. 44 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane. 45 Josjafat heldt fred med kongen i Israel.

46 Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 47 Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.

48 Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.

49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. 50 Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.

51 Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.

Kong Ahasja i Israel

52 Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år. 53 Ahasja gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda. 54 Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde Herren, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.