Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Kongebok

9

Guds svar på Salomos bøn

1 Då Salomo var ferdig med å byggja Herrens hus, kongeborga og alt det andre som han ønskte å gjera, 2 synte Herren seg for han andre gongen slik han hadde synt seg for han i Gibeon, 3 og sa til han: Eg har høyrt bøna di og ropet om nåde som du bar fram for meg. Eg har helga huset som du har bygd, og vil la namnet mitt bu der for all tid. Auga mine og hjartet mitt skal alle dagar vera vende mot det. 4 Og du, så sant du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte, som David, far din, gjorde, gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine, 5 då skal eg tryggja din kongsstol i Israel for all tid, slik som eg lova David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.» 6 Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei, 7 då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. 8 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og plystra hånleg og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?» 9 Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»

Byggjearbeid og handel

10 Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, Herrens hus og kongeborga, 11 gav han Hiram, kongen i Tyros, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ønskte seg. 12 Men då Hiram kom frå Tyros for å sjå på dei byane som Salomo hadde gjeve han, lika han dei ikkje. 13 Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, min bror?» Han kalla dei Kabul-landet, og det heiter det den dag i dag. 14 Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.

15 Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser: 16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han sette byen i brann og drap alle kanaanearane som budde der. Sidan gav han byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo. 17 Salomo bygde opp att Geser og Nedre Bet-Horon, 18 Baalat og Tamar i øydemarka der i landet, 19 og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Salomo bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.

20 Framleis var det att i landet amorittar, hetittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde til Israelsfolket. 21 Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att fordi israelittane ikkje hadde makta å utrydda dei, la Salomo pliktarbeid på. Slik har det vore til denne dag. 22 Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, befalingsmenn, våpenberarar og vognkommandantar og ryttarar. 23 Arbeidsformennene til Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

24 Så snart dotter til farao hadde flytt frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd til henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.

25 Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og fredsoffer på det altaret han hadde bygd for Herren, og han brende røykjelse for Herrens andlet. Slik vart tempelet ferdig.

26 Kong Salomo bygde ein flåte i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, i Edom-landet ved kysten av Sivsjøen. 27 På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene til Salomo. 28 Dei drog til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei førte til kong Salomo.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.