Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Peters første brev

4 

1 Når Kristus no har lide i kroppen, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide i kroppen, har gjort seg ferdig med synda. 2 Difor skal du ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stunda du har att å leva i kroppen. 3 Det er nok at de tidlegare har levd slik heidningane vil, i skamløyse og lyst, i festing, drikk og svir og i avskyeleg avgudsdyrking. 4 No undrar dei seg over at de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av utskeiingar saman med dei, og dei spottar dykk. 5 Men dei skal gjera rekneskap for han som står ferdig til å dømma levande og døde. 6 Difor vart evangeliet forkynt for dei døde òg, for at dei som i kroppen vart dømde slik menneske blir dømde, ved Anden skulle leva, slik Gud lever.

7 Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be. 8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. 9 Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.

10 Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. 11 Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen.

Når ein kristen lid

12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de òg kan jubla av glede når han openberrar seg i sin herlegdom. 14 Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. 15 Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre. 16 Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.

17 For no er tida komen då dommen skal ta til, og han skal ta til med Guds hus. Men kjem dommen over oss først, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium? 18 Og er det vanskeleg for den rettferdige å bli frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren? 19 Difor skal dei som lid etter Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og gjera det gode.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.