Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Første Samuelsbok

15

Herren vrakar Saul

1 Samuel sa til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Høyr no Herrens ord! 2 Så seier Herren over hærskarane: Eg krev amalekittane til rekneskap for det dei gjorde mot israelittane då dei drog opp frå Egypt. Dei sperra vegen for dei. 3 Dra no ut og slå amalekittane. Slå alt dei eig, med bann! Spar ingen. Drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!» 4 Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela'im. Det var to hundre tusen fotfolk forutan ti tusen judearar.

5 Då Saul kom til amalekitt-byen, la han seg i bakhald i det tørre elveleiet. 6 Til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de var gode mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.

7 Saul slo amalekittane og forfølgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg like ved Egypt. 8 Han fanga amalekittkongen Agag levande. Han slo alt folket med bann og hogg dei ned med sverd. 9 Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Alt som var noko verdt, sparte dei og ville ikkje slå det med bann. Men alt som var verdlaust og ringt, bannlyste dei.

10 Då kom Herrens ord til Samuel: 11 «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge, for han har vendt seg bort frå meg og ikkje gjort som eg har sagt.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta. 12 Morgonen etter stod han tidleg opp for å møta Saul. Då vart det meldt til Samuel: «Saul kom til Karmel, og der reiste han eit minnesmerke over seg sjølv. Så braut han opp og drog nedover til Gilgal.»

13 Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna er du av Herren! Eg har gjort som Herren har sagt.» 14 Men Samuel sa: «Kva er det for breking som læt for øyra mine, og kva er det for rauting eg høyrer?» 15 «Det er nokre dyr dei har teke frå amalekittane», svara Saul. «Krigsfolket sparte det beste av småfeet og storfeet for å ofra det til Herren din Gud, men resten har vi bannlyst.» 16 Då sa Samuel til Saul: «Hald opp! Eg skal fortelja deg kva Herren har sagt til meg i natt.» «Sei det!» svara Saul. 17 Samuel sa: «Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel. 18 Han sende deg i veg og sa: Gå og bannlys amalekittane, desse syndige, og kjemp mot dei til du har gjort ende på dei! 19 Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over byttet og gjorde det som var vondt i Herrens auge?» 20 Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og slo amalekittane med bann. 21 Men krigsfolket tok småfe og storfe av byttet, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

22 Då sa Samuel:

«Har Herren si glede i brennoffer og slaktoffer

like mykje som i lydnad mot Herrens ord?

Nei, å lyda er betre enn slaktoffer,

å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.

23 Trass er som spådomssynd,

og stridlynde er som avgudsdyrking.

Fordi du har vraka Herrens ord,

har han vraka deg som konge.»

24 Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei. 25 Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren26 Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.» 27 Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna. 28 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du. 29 Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.» 30 Saul svara: «Eg har synda. Men syn meg likevel den æra framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel. Ver med meg attende så eg kan tilbe Herren din Gud.» 31 Då følgde Samuel Saul attende, og Saul tilbad Herren.

32 Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg.» Skjelvande gjekk Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!» 33 Samuel svara:

«Som sverdet ditt reiv borna bort frå mødrene,

skal di mor bli barnlaus, meir enn andre kvinner.»

Så hogg Samuel Agag ned for Herrens andlet i Gilgal.

34 Deretter gjekk Samuel til Rama, og Saul drog heim att til Sauls Gibea. 35 Til sin dødsdag såg Samuel aldri Saul att, for han sørgde over Saul.

Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.