Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Samuelsbok

18

Saul blir misunneleg på David

1 Då David hadde snakka med Saul, vart Jonatan nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv. 2 Same dagen tok Saul David til seg og lét han ikkje meir få venda attende til heimen sin. 3 Og Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv. 4 Han tok av seg kappa og gav henne til David saman med stridskleda og sverdet, bogen og beltet.

5 Sidan drog David ut i krigen, og han hadde lukka med seg kvar enn Saul sende han. Difor sette Saul han over stridsmennene sine. Heile folket såg opp til han, også mennene til Saul.

6 Då hæren kom heim etter at David hadde felt filistaren, kom kvinnene syngjande og dansande ut frå alle byane i Israel for å møta kong Saul med trommer, glederop og triangelspel. 7 Medan dei dansa, song kvinnene:

«Saul slo i tusental,

men David slo i titusental.»

8 Då vart Saul brennande harm. Han lika desse orda ille og sa: «Dei gjev David æra for titusental, men meg berre for tusental. No manglar han berre kongsmakta!» 9 Frå den dagen såg Saul skeivt til David.

10 Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul. Han vart heilt frå seg inne i huset, og David spela på harpa, som han gjorde kvar dag. Saul hadde eit spyd i handa. 11 Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger. 12 Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå. 13 Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att. 14 David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han. 15 Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå meir redd han. 16 Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.

17 Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.» 18 David svara Saul: «Kven er vel eg i Israel, og kva er vel mi slekt og familien til far min, sidan eg skal bli svigerson til kongen?» 19 Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.

20 Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det. 21 «Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»

22 Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.» 23 Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Trur de det er så lett å bli svigerson til kongen? Eg er ein fattig og lågætta mann.» 24 Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara. 25 Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David. 26 Då mennene til Saul fortalde David kva Saul hadde sagt, var David glad for at han skulle bli svigerson til kongen. Og før tida var ute, 27 braut David opp og drog av stad med folka sine. Han felte to hundre filistrar. Så tok han forhudene deira med seg, og dei vart talde opp for kongen, slik at han kunne bli svigerson til kongen. Då gav Saul han dotter si, Mikal, til kone. 28 Men då Saul såg at Herren var med David, og skjøna at Mikal, dotter hans, elska han, 29 då vart han endå reddare David. Sidan var Saul fienden til David all sin dag.

30 Filistarhovdingane rykte ofte ut i kamp. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.