Gå til forsiden

Første Samuelsbok

21

David i Nob

1 David drog no til presten Ahimelek i Nob. Då kom Ahimelek han skjelvande til møtes og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?» 2 David svara han: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag. Og han sa til meg: Ingen må få vita noko om oppdraget eg har sendt deg på. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad. 3 Har du noko mat for handa? Lat meg få fem brød eller det som måtte finnast her.» 4 Presten sa til David: «Vanleg brød har eg ikkje, men heilagt brød kan du få – berre mennene dine har halde seg frå kvinner.» 5 «Ver trygg», svara David. «Vi har vore avskorne frå samkvem med kvinner i fleire dagar. Kvar gong eg dreg ut, har krigsutstyret til mennene vorte helga, sjølv når vi er på ei vanleg ferd. Kor mykje meir må det ikkje då vera helga i dag?» 6 Så gav presten han heilagt brød. For det fanst ikkje anna brød enn skodebrøda, som var tekne bort frå staden framfor Herrens andlet. Dei vart bytte ut med ferske brød same dagen.

7 Den dagen vart ein av mennene til Saul halden tilbake der, for Herrens andlet. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den fremste blant gjetarane til Saul.

8 David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.» 9 Presten svara: «Jau, sverdet til filistaren Goliat, som du slo i hel i Ela-dalen, heng bak efod-drakta, sveipt i ei kappe. Vil du ha det, så ta det. Det er ikkje noko anna sverd her.» «Det finst ikkje maken til det», sa David. «Lat meg få det!»

David hos kong Akisj i Gat

10 Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat. 11 Mennene til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje om han dei dansande kvinnene song:

Saul slo i tusental,

men David slo i titusental?»

12 David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd Akisj, kongen i Gat. 13 Han lét som han var frå vitet og skapte seg galen når dei kom nær han. Han rissa merke på dørkarmane og sikla i skjegget. 14 Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han? 15 Har eg ikkje nok av galningar sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.