Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Samuelsbok

30

Åtaket på amalekittane

1 To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gått til åtak på Negev og Siklag. Siklag hadde dei plyndra og brent. 2 Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men drive dei framfor seg då dei fór sin veg. 3 Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira var bortførte. 4 Dei brast i gråt, både David og folket som følgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir. 5 Dei to konene til David, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, som hadde vore gift med Nabal frå Karmel, var òg bortførte. 6 Sjølv var David i stor fare, for krigsfolket truga med å steina han, så bitre var dei alle fordi sønene og døtrene deira var bortførte.

Men David søkte styrke hos Herren sin Gud. 7 Han sa til presten Abjatar, son til Ahimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden, 8 og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga det dei har teke.»

9 Då tok David i veg saman med dei seks hundre mennene som følgde han. Dei kom til elveleiet i Besor. Der vart nokre av dei verande. 10 David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att, dei var for slitne til å gå over elveleiet. 11 Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han brød å eta og vatn å drikka. 12 Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller tørt på tre døgn. 13 David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» «Eg er egyptar», svara han, «og i teneste hos ein amalekitt. Herren min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk. 14 Vi hadde herja i Judas del av Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og vi hadde sett Siklag i brann.» 15 Då sa David til han: «Kan du føra meg ned til denne røvarflokken?» Han svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på herren min, så skal eg føra deg ned til røvarflokken.»

16 Så følgde han David dit. Og sjå, der låg røvarane spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på heile det store byttet dei hadde teke i filistarlandet og i Juda. 17 Frå grålysinga av og til det vart kveld dagen etter, hogg David dei ned. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og flykta. 18 David berga alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg. 19 Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av byttet eller av alt det røvarane elles hadde teke med seg. Alt saman tok David tilbake. 20 Han tok alt småfeet og storfeet deira, og dei som gjekk framføre og dreiv flokken, ropa: «Dette er byttet til David.»

21 Då David kom tilbake til dei to hundre mennene som hadde vore for utslitne til å følgja han, og som han hadde late vera att ved elveleiet i Besor, kom dei ut imot han og krigsfolket som følgde han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei. 22 Då var det nokre vonde og gudlause menn i følgjet til David som tok til orde og sa: «Sidan dei ikkje gjekk med oss, vil vi ikkje gje dei noko av byttet vi har berga. Kvar mann kan ta med seg konene og borna sine og gå.» 23 Men David svara: «Nei, brørne mine! Far ikkje slik åt med det Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss. 24 Kven vil halda med dykk i dette? For den som går med i striden, skal ikkje ha meir av byttet enn den som blir att ved krigsutstyret. Dei skal dela likt.» 25 Og slik har det vore frå den dagen. Han gjorde dette til lov og rett i Israel, som det er den dag i dag.

26 Då David kom til Siklag, sende han noko av byttet til dei eldste i Juda, til venene sine, med desse orda: «Her er ei gåve til dykk av byttet som eg har teke frå Herrens fiendar.»

27 Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir, 28 i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa, 29 i Rakal, i jerahmeelittbyane, i kenittbyane, 30 i Horma, i Bor-Asjan, i Atak, 31 i Hebron og alle dei andre stadene der David og mennene hans hadde flakka omkring.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.