Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Samuelsbok

7 

1 Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei helga Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste.

Samuel styrer i Israel

2 Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Og heile Israels hus sukka etter Herren. 3 Då sa Samuel til heile Israels hus: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarte, må de få bort dei framande gudane og Astarte-bileta som er hos dykk. Vend hjartet til Herren, og ten han og ingen annan! Så skal han fria dykk frå handa til filistrane.» 4 Då skilde israelittane seg av med Baal-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren. 5 Samuel sa: «Kall saman heile Israel i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.» 6 Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og slo det ut for Herrens andlet. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.

7 Så snart filistrane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane over filistarbyane opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde filistrane 8 og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå handa til filistrane.» 9 Då tok Samuel eit lite lam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han. 10 Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistrane fram til kamp mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit veldig torevêr over filistrane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane. 11 Israels hær drog ut frå Mispa; dei forfølgde filistrane til nedanfor Bet-Kar og slo dei. 12 Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Sjen. Han kalla steinen Eben-Eser – «Hjelpesteinen» – og sa: «Så langt har Herren hjelpt oss.»

13 Slik vart filistrane tvinga i kne, og dei kom ikkje meir innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistrane så lenge Samuel levde. 14 Dei byane som filistrane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat. Også områda ikring dei tok Israel tilbake frå filistrane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

15 Samuel var dommar i Israel så lenge han levde. 16 Kvart år drog han rundt til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane. 17 Sidan vende han attende til Rama, for der budde han, og der var han dommar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.