Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Samuelsbok

1

Samuel blir fødd

1 I Ramatajim-Sufim i Efraim-fjella budde ein mann som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu, son til Tohu, son til Suf frå Efraim-stammen. 2 Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus. 3 År etter år drog denne mannen opp frå heimbyen sin til Sjilo for å be og ofra til Herren over hærskarane. Der var dei to sønene til Eli, Hofni og Pinhas, prestar for Herren. 4 Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvart sitt stykke av offerkjøtet, 5 men Hanna fekk dobbelt så mykje. For det var Hanna han elska, endå Herren hadde lukka morslivet hennar. 6 Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar. 7 Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta. 8 Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er hjartet ditt så fullt av sorg? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»

9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli sat på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel. 10 I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. 11 Ho gav ein lovnad og sa: « Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» 12 Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga. 13 For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full, 14 og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!» 15 «Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet. 16 Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.» 17 Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» 18 Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.

19 Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug. 20 Før året var ute, vart ho med barn og fødde ein son. Ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han», sa ho.

21 Elkana drog opp att med heile sitt hus for å bera fram det årlege slaktofferet og lovnadsofferet for Herren, 22 men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: «Når guten er avvand, vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.» 23 «Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.

24 Då ho hadde vant han av, tok ho han med opp til Herrens hus i Sjilo. Ho hadde med seg ein treårsgammal okse, ein efa mjøl og ein skinnsekk med vin. Guten *var med dei, og dei førte han fram for Herren. Og far hans slakta slaktofferet, slik han gjorde kvart år for Herren. 25 Han førte fram• guten og slakta oksen. Hanna, mor hans, kom fram for Eli med guten. 26 «Tru meg, herre!» sa ho. «Så sant du lever, herre, eg er den kvinna som stod her hos deg og bad til Herren. 27 Denne guten var det eg bad om, og Herren har gjeve meg det eg bad om. 28 No gjev eg han tilbake til Herren for heile hans levetid. Han skal høyra til Herren.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.