Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' første brev til tessalonikarane

2

Paulus i Tessalonika

1 De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss. 2 Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand. 3 Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik. 4 Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre. 5 For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne. 6 Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre, 7 endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born, 8 slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss. 9 For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk. 10 De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis. 11 De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk: 12 Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13 Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur. 14 For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane, 15 dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot. 16 For dei hindrar oss i å tala til heidningane så dei kan bli frelste, og slik fyller dei opp med synd på synd. Men til sist har vreiden nådd dei.

Paulus vil på nytt til Tessalonika

17 Ei lita stund, sysken, var vi skilde frå dykk, som born frå foreldra sine. De var ute av auga, men ikkje av hjartet. Men vi lengta etter dykk og fekk meir og meir lyst til å sjå dykk andlet til andlet, 18 og difor ville vi koma til dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger, men Satan hindra oss. 19 For kven skal vera vår von, vår glede og vår sigerskrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem og vi står for hans andlet? 20 Ja, de er vår ære og vår glede!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.