Gå til forsiden

Paulus' første brev til tessalonikarane

3 

1 Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, ville vi heller vera att åleine i Aten, 2 og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, 3 så ingen skulle vakla under denne motgangen. For de veit sjølve at dette er lagt på oss. 4 Då vi var hos dykk, sa vi på førehand at vi kom til å møta motgang, og som de veit, gjekk det slik. 5 Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.

6 Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk. 7 Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud. 8 Og no lever vi, når de står faste i Herren. 9 Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds andlet, den gleda som de har gjeve oss? 10 Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.

11 Må Gud sjølv, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk! 12 Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre og til alle menneske få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk! 13 Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. *Amen.•

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.