Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' første brev til Timoteus

6 

1 Alle som er under åket som slavar, skal visa herrane sine all den respekt dei er verde, så Guds namn og læra ikkje skal bli spotta. 2 Dei som har herrar som trur, skal ikkje visa dei mindre respekt fordi dei er sysken, men heller tena dei med endå større iver. For dei som tek imot tenestene dykkar, er truande og høgt elska sysken. Dette skal du læra dei og leggja dei på hjartet.

Vranglære og kjærleik til pengar

3 Den som fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til, 4 er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar 5 og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

6 Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.

7 For tomhendte kom vi inn i verda,

og tomhendte må vi fara herifrå.

8 Har vi mat og klede,

skal vi vera fornøgde med det.

9 Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping. 10 For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.

Truskap mot oppdraget

11 Men du, Guds menneske,

hald deg borte frå alt dette

og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru,

kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn!

12 Strid den gode striden i trua

og grip det evige livet som du er kalla til,

det som du vedkjende deg

då du bar fram den gode vedkjenninga

framfor mange vitne.

13 Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: 14 Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem. 15 Det skal han la oss få sjå i si tid,

den sæle og einaste herskaren,

kongen over kongane og herren over herrane,

16 den einaste som er udødeleg,

som bur i eit lys dit ingen kan koma,

han som ikkje noko menneske har sett,

og ingen kan sjå.

Han vere ære og evig makt! Amen.

Sluttord

17 Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. 18 Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre. 19 Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.

20 Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet, 21 den som visse folk har vedkjent seg og dermed forvilla seg bort frå trua.

Nåden vere med dykk!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.