Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Krønikebok

16

Asa bed aramearane om hjelp

1 I det trettisjette styringsåret til Asa drog Israels-kongen Basja opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda. 2 Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga. Han sende det til Ben-Hadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda: 3 «Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

4 Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan, Abel-Majim og alle forrådsbyane i Naftali. 5 Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han stansa arbeidet. 6 Då tok kong Asa med seg heile folket i Juda, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.

7 På den tida kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, har hæren til aramearkongen sloppe ut av hendene dine. 8 Kusjittane og libyarane hadde òg ein veldig hær med stridsvogner og ryttarar. Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei over i dine hender. 9 For Herrens auge fer over heile jorda, så han kan styrkja dei som heilhjarta held seg til han. Denne gongen har du bore deg uvitug åt; frå no av skal du støtt ha krig.»

10 Då vart Asa sint på sjåaren og sette han i arrest; så arg var han på han for dette. På den tida fór han òg hardt fram mot andre av folket.

11 Det som er å seia om Asa frå først til sist, står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12 I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre legane. 13 Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine. Han døydde i det førtiførste styringsåret sitt. 14 Han vart gravlagd i den grava som han hadde late hogga ut for seg i Davidsbyen. Dei la han på ei seng fylt med krydra balsam og ymse salveblandingar. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.