Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' andre brev til korintarane

9

Vilje til å gje

1 No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage, 2 for eg veit kor villige de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har vore klare sidan i fjor. Og iveren dykkar har inspirert mange. 3 No sender eg desse brørne til dykk, så det skal visa seg at det ikkje var tomme ord vi fór med når vi rosa dykk for dette, men at de er klare, som eg har sagt. 4 Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna at de ikkje er førebudde. For då ville heile tiltaket berre føra skam over oss – for ikkje å snakka om dykk! 5 Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.

6 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning. 7 Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.

8 Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,

så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,

ja, ha overflod til all god gjerning.

9 For det står skrive:

Han strødde ut og gav til dei fattige,

hans rettferd skal alltid vara.

10 Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor. 11 De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva. 12 For denne tenesta – ja, gudstenesta – er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg skapa overflod av takkebøner til Gud. 13 Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og ville vedkjenna dykk trua på Kristi evangelium, og fordi de var villige til å dela med dei og alle dei andre. 14 Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk på grunn av Guds overveldande nåde mot dykk. 15 Gud vere takk for si useielege gåve!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.