Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Kongebok

10

Jehu ryddar ut Ahabs hus

1 Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i Jisreel, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene til Ahab. Han skreiv: 2 «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hos dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna, 3 så vel dykk ut den beste og mest skikka av sønene til herren dykkar! Set han på trona til far hans og kjemp for kongens hus!» 4 Då vart dei svært redde og sa: «Høyr, dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?» 5 Så sende borgherren, bykommandanten, dei eldste og fosterfedrane bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du bed oss gjera, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer det som er best i dine auge!»

6 Så skreiv Jehu endå eit brev til dei, og der stod det: «Er de på mi side og lyder meg, så hogg hovudet av sønene til herren dykkar og kom til meg i Jisreel i morgon på denne tid.» Kongssønene, alle sytti, var hos stormennene i byen, som fostra dei opp. 7 Då dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap alle sytti. Hovuda deira la dei i nokre korger og sende dei til Jehu i Jisreel. 8 Då han fekk melding om at dei var komne med hovuda til kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!»

9 Om morgonen gjekk Jehu ut, stilte seg opp der og tala til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse? 10 Vit då at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Ahabs hus, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.» 11 Så slo Jehu i hel alle som var att av Ahabs hus i Jisreel, og alle kongens stormenn, kjenningar og prestar. Han lét ikkje ein einaste vera att.

12 Sidan braut Jehu opp og drog til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro'im. 13 Der møtte han brørne til Ahasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Ahasja», svara dei. «Vi skal ned og helsa på sønene til kongen og dronninga.» 14 Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Det gjorde dei og slo dei i hel ved brønnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han lét ikkje ein einaste vera att.

15 Då han drog derifrå, trefte han Jonadab, son til Rekab, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du med meg av heile ditt hjarte slik eg er med deg?» «Ja», svara Jonadab. «Er det så, gjev meg handa på det!» sa Jehu. Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna. 16 «Følg meg», sa han, «så skal du få sjå min store glød for Herren.» Og han lét han køyra med i vogna.

17 Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen. Han rydda ut kvar einaste ein, slik Herren hadde sagt til Elia.

Jehu gjer ende på Baal-dyrkarane

18 Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Ahab dyrka Baal litt, Jehu vil dyrka han mykje. 19 Kall no alle Baal-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle prestane hans! Ingen må vanta, for no skal eg halda ein stor offerfest for Baal. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Dette var ei list Jehu fann på så han kunne få rydda ut alle Baal-dyrkarane. 20 «Rop ut ei heilag høgtidssamling for Baal!» sa han, og det gjorde dei. 21 Jehu sende bod rundt i heile Israel, og alle Baal-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Då dei gjekk inn i Baal-tempelet, vart huset fullt frå ende til annan. 22 Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram klede til alle Baal-dyrkarane!» Og han henta fram drakter til dei.

23 Då Jehu, saman med Jonadab, son til Rekab, kom inn i Baal-tempelet, sa han til Baal-dyrkarane: «Sjå vel etter at det berre er Baal-dyrkarar mellom dykk, ikkje ein einaste som dyrkar Herren24 Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor tempelet og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.» 25 Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpenberarane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ikkje ein einaste sleppa unna!» Livvakta og våpenberarane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i det inste av Baal-tempelet, 26 bar ut støttene som stod der, og brende dei opp. 27 Dei knuste Baal-støtta, reiv ned Baal-tempelet og gjorde det om til latriner, som det er den dag i dag.

28 Slik rydda Jehu Baal ut av Israel. 29 Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan. 30  Herren sa til Jehu: «Du har handla vel, gjort det som er rett i mine auge, og alt det eg ønskte med Ahabs hus. Difor skal dine søner sitja på Israels trone i fire ættleder.» 31 Men Jehu prøvde ikkje av heile sitt hjarte å følgja den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han vende seg ikkje bort frå dei syndene som Jeroboam hadde fått israelittane til å gjera.

32 På den tid byrja Herren å riva laus stykke av Israel. Hasael slo israelittane langs heile grensa. 33 På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet der Gad-, Ruben- og Manasse-stammane budde, heilt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

34 Det som elles er å fortelja om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 35 Jehu gjekk til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Joahas, son hans, vart konge etter han. 36 Den tida Jehu var konge over Israel i Samaria, var tjueåtte år.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.