Gå til forsiden

Andre Kongebok

12

Tempelet blir sett i stand

1 Det var i det sjuande styringsåret til Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba. 2 Så lenge han levde, gjorde Joasj det som rett var i Herrens auge, slik presten Jojada hadde lært han. 3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram å ofra og tenna offereld på haugane.

4 Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus, 5 og prestane skal ta imot, kvar frå sine underordna. Så skal dei setja tempelet i stand, alle stader der det er skadd.»

6 Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd. 7 Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.» 8 Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket. Men så skulle dei heller ikkje setja i stand tempelet.

9 Presten Jojada tok ei kiste, bora hòl i loket og sette henne på høgre sida av altaret. Når folk kom til tempelet, la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus, i kista. 10 Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og overpresten. Dei samla og talde opp pengane som fanst i Herrens hus. 11 Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på tempelet, 12 til murarane og steinhoggarane. Dei brukte dei òg til å kjøpa tre og hoggen stein så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Slik dekte dei alle utgiftene med å halda tempelet i stand. 13 Men dei pengane som kom inn til tempelet, vart ikkje brukte til å laga sølvbollar, lysesakser, offerskåler eller trompetar eller noko anna utstyr av gull eller sølv. 14 Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som sytte for å setja Herrens hus i stand. 15 Ingen heldt rekneskap med dei som tok imot pengane og gav dei til handverkarane, for dei fór ærleg fram. 16 Pengar frå skuldofferet og frå syndofferet gjekk ikkje til Herrens hus. Dei fekk prestane.

17 På den tid gjekk aramearkongen Hasael til åtak på Gat og tok byen. Så sette han seg føre å fara opp mot Jerusalem. 18 Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som forfedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Ahasja, hadde helga til tempelet, og det han sjølv hadde helga. Saman med alt gullet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga, sende han det til Hasael, aramearkongen. Han drog då bort frå Jerusalem.

19 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 20 Mennene hans reiste seg mot kongen og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset då han var på veg ned mot Silla. 21 Dei kongsmennene som slo han i hel, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Dei gravla han hos fedrane hans i Davidsbyen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.