Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Kongebok

16

Ahas søkjer hjelp hos assyrarkongen

1 I det syttande styringsåret til Pekah, son til Remalja, vart Ahas, son til Jotam, konge i Juda. 2 Han var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Ahas gjorde ikkje det som rett var i Herren hans Guds auge slik som David, stamfar hans, hadde gjort, 3 Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane. 4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.

5 På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak. 6 Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.

7 Då sende Ahas bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berg meg frå aramearkongen og Israels-kongen som har reist seg mot meg.» 8 Ahas tok sølvet og gullet som var i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og sende det som gåve til kongen av Assur. 9 Og assyrarkongen høyrde på han. Han drog opp mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.

Omskifte i tempelet

10 Kong Ahas drog til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret og ei teikning som i eitt og alt viste korleis det var laga. 11 Og før kong Ahas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygd altaret. Han hadde i eitt og alt følgt den skissa som kong Ahas hadde sendt frå Damaskus. 12 Då kongen kom heim att frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han fram for det og ofra på det. 13 Han brende sitt brennoffer og sitt grødeoffer og auste ut drikkofferet, og blodet av fredsoffera sine stenka han på altaret. 14 Men bronsealtaret som stod for Herrens andlet, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor tempelet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Og han sette det på nordsida av det nye altaret.

15 Kong Ahas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet om morgonen og grødeofferet om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Du skal stenka alt blodet av brennofferet og slaktofferet på det store altaret. Men bronsealtaret skal eg bruka når eg tek varsel.» 16 Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen hadde pålagt han.

17 Kong Ahas skar av tverrlistene på vognstativa og tok vekk vaskefata. Så tok han havet ned av bronseoksane som bar det, og sette det på eit underlag av stein. 18 Av omsyn til assyrarkongen flytte han den overbygde sabbatsgangen og den ytre kongeinngangen som var i Herrens hus.

19 Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 20 Så gjekk Ahas til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Hiskia, son hans, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.