Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Kongebok

20

Sjukdomen til kong Hiskia

1 På den tida vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.» 2 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. 3 «Å, Herre», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.

4 Jesaja var endå ikkje komen ut av den midtre borggarden før Herrens ord kom til han igjen: 5 «Gå tilbake og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett tårene dine. No gjer eg deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus. 6 Eg legg endå femten år til levedagane dine. Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.» 7 Så sa Jesaja: «Hent ei fikenkake!» Dei gjorde det, og då dei la fikenkaka på det verkjande såret, friskna kongen til.

8 Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg om to dagar kan gå opp til Herrens hus?» 9 Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar tilbake?» 10 Hiskia sa: «Det er lett for skuggen å strekkja seg ti strekar fram. Nei, skuggen skal gå ti strekar tilbake!» 11 Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før hadde gått fram.

Sendeboda frå kongen av Babel

12 På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk. 13 Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.

14 Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.» 15 «Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»

16 Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord! 17 Sjå, dagar skal koma då alt som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren. 18 Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.» 19 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever.»

20 Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 21 Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Manasse, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.