Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Kongebok

21

Juda-kongane Manasse og Amon

1 Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba. 2 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. 3 Han bygde opp att offerhaugane som far hans, Hiskia, hadde øydelagt. Han reiste altaret for Baal og laga ein Asjera-påle, slik Ahab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren. 4 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.» 5 I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren. 6 Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.

7 Asjera-skulpturen som Manasse fekk laga, sette han i tempelet, sjølv om Herren hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid. 8 Og eg vil aldri meir la Israel vandra heimlaus, langt bort frå landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter den lova som Moses, tenaren min, gav dei.» 9 Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vill, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.

10 Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa: 11 Fordi Juda-kongen Manasse har gjort desse stygge gjerningane, har han i eitt og alt handla verre enn amorittane før han. Med si avgudsdyrking har han òg leidd judearane til synd. 12 Difor seier Herren, Israels Gud: No fører eg ulukke over Jerusalem og Juda så det skal ringja for øyra på kvar den som høyrer om det. 13 Eg vil spenna ut same målesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Ahabs hus. Eg vil tørka Jerusalem bort som når ein tørkar av eit fat og snur det opp ned. 14 Eg forkastar den siste rest av folket mitt. Eg gjev dei over i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei. 15 Slik skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine auge. Dei har gjort meg rasande frå den dagen fedrane deira gjekk ut av Egypt, og til denne dag.

16 Manasse lét så mange uskuldige døy at han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens auge.

17 Det som elles er å seia om Manasse og alt han utretta og den synda han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 18 Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg like ved slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba. 20 Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. 21 Han følgde i eitt og alt den same vegen som far sin. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei. 22 Han forlét Herren, sine fedrars Gud, og vandra ikkje på Herrens veg.

23 Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus. 24 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han. 25 Det som elles er å seia om Amon og det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 26 Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.