Gå til forsiden

Andre Kongebok

5

Elisja lækjer Naaman

1 Naaman, hærføraren til aramearkongen, hadde mykje å seia hos herren sin og var høgt akta, for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Mannen var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom.

2 På eit plyndringstokt hadde aramearane ein gong ført bort ei ung jente frå Israel som fange. No tente ho hos kona til Naaman. 3 Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 4 Naaman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt. 5 Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift.

6 Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.» 7 Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.» 8 Men då gudsmannen Elisja fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel.»

9 Så kom då Naaman med hestar og vogner og stoppa ved døra til Elisjas hus. 10 Elisja sende ut ein mann for å seia: «Gå ned og vask deg sju gonger i Jordan! Så skal kroppen din bli frisk og du bli rein.» 11 Då vart Naaman sint og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han sjølv ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Guds namn, føra handa att og fram over den sjuke staden og fri meg frå sjukdomen. 12 Er ikkje Abana og Parpar, elvane ved Damaskus, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og bli rein?» Så snudde han og fór bort i fullt sinne.

13 Men tenarane til Naaman kom og snakka med han. Dei sa: «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!» 14 Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein.

15 Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Ta no imot ei gåve frå tenaren din!» 16 Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Naaman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje. 17 Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren. 18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.» 19 Elisja svara: «Far i fred!»

Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen, 20 sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.» 21 Dermed sette Gehasi av stad etter Naaman. Då Naaman såg at nokon kom springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Er alt vel?» 22 «Alt er vel», svara Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraim-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par klesskift!» 23 Naaman svara: «Ver så snill å ta to talentar!» Han bad han inntrengjande og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to klesskift og gav til to av tenestegutane sine, som bar dei føre Gehasi. 24 Men då dei kom opp til byhøgda, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så lét han mennene fara, og dei drog.

25 Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad», svara han. 26 Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då ein mann snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar og klede, oliventre og vinmarker, småfe og storfe, slavar og slavekvinner? 27 Hudsjukdomen til Naaman skal for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var huda hans kvit som snø av sjukdomen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.