Gå til forsiden

Andre Samuelsbok

11

David og Batseba

1 Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.

2 Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker. 3 David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.» 4 David sende bod og henta henne til seg. Ho kom til han, og han låg med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.

5 Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.» 6 Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg.» Og Joab sende Uria til David. 7 Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen. 8 Så sa David til han: «Gå no heim og vask føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongeborga, sende kongen ei gåve etter han.

9 Men Uria la seg i porten til kongeborga saman med alle tenarane til kongen. Han gjekk ikkje heim. 10 Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim, sa han til han: «Har du ikkje vore på reise? Kvifor har du ikkje gått heim?» 11 Uria svara David: «Både israelittane og judearane, og paktkista med, held til i hytter. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Skulle eg då gå heim, eta og drikka og liggja med kona mi? Ved ditt liv, så sant du lever, det gjer eg ikkje!» 12 Då sa David til Uria: «Ver her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter. 13 David bad han til seg, åt og drakk saman med han og skjenkte han full. Men om kvelden gjekk Uria og la seg på plassen sin saman med tenarane til herren sin. Heim gjekk han ikkje.

14 Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria. 15 I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast. Trekk dykk så tilbake frå han, så han fell og mistar livet!» 16 Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar. 17 Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.

18 Joab sende bod til David med melding om korleis det hadde gått i kampen. 19 Han gav bodberaren dette bodet: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk i kampen, 20 kan det henda at han fyk opp i sinne og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i kampen? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren! 21 Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inntil muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, mista livet, han òg.»

22 Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab. 23 Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten. 24 Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.» 25 Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han skal ikkje la dette gå inn på seg. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal halda fram med å kjempa mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot.»

26 Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho sørgjehøgtid over han. 27 Men då sørgjetida var over, sende David bod og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho fødde han ein son. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens auge.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.