Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Samuelsbok

13

Amnon og Tamar

1 Ei tid etter hende dette: Absalom, son til David, hadde ei vakker syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i. 2 Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var jomfru. 3 Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab. Han var son til Sjima, bror til David. Jonadab var ein svært klok mann. 4 Han sa til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du er så nedfor kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.» 5 Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg kan få han av hennar eiga hand.»

6 Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei av hennar eiga hand.» 7 Då sende David bod heim til Tamar: «Gå til huset der Amnon, bror din, bur og lag mat til han!» 8 Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan han såg på, og ho steikte dei. 9 Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han. Men han ville ikkje eta. Amnon bad alle gå ut. Og då dei hadde gått, 10 sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin. 11 Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!» 12 Men ho svara: «Nei, bror! Krenk meg ikkje! Slikt gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje ei slik skammeleg handling! 13 Kvar skulle vel eg gjera av meg med skamma mi? Og du, du vil bli rekna mellom dei skamlause i Israel. Tal heller med kongen, for han vil nok ikkje nekta deg å få meg.» 14 Men han ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.

15 Då vart Amnon fylt av eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!» 16 Ho svara: «Nei, bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den første du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne. 17 Han ropa på tenesteguten sin og sa: «Få henne ut herifrå og steng døra etter henne!» 18 Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.

19 Tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort. 20 Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.

21 Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm. 22 Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.

Absalom tek hemn

23 To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg. 24 Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?» 25 Men kongen svara: «Nei, son min. Vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom prøvde å overtala han. Kongen ville ikkje koma, men velsigna han. 26 Då sa Absalom: «Om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med.» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?» 27 Men Absalom overtala han til å la både Amnon og alle dei andre kongssønene vera med han.

28 Og Absalom gav dei unge mennene sine denne ordren: «Pass på når Amnon har vorte lystig av vinen. Då skal eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så drep de han. Ver ikkje redde! Det er eg som har gjeve dykk dette påbodet. Ver sterke og modige!» 29 Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då sprang alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.

30 Medan dei endå var på vegen, høyrde David rykte om at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att. 31 Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg mot jorda. Og alle tenarane stod der med sundrivne klede.

32 Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til orde og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som er død. Dette har Absalom planlagt heilt frå den dagen Amnon krenkte Tamar, syster hans. 33 Bry deg ikkje om det når dei no seier at alle kongssønene er døde. For det er berre Amnon som er død.» 34 I mellomtida hadde Absalom rømt.

Då vaktmannen såg opp, fekk han auge på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet. 35 Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.» 36 Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle tenarane sette òg i og gret.

37 Absalom flykta og fór til Talmai, son til Ammihur, kongen i Gesjur. Og David sørgde over sonen sin dag og natt.

David tek Absalom til nåde

38 Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år. 39 Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over at Amnon var død.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.