Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ andre brev til Timoteus

1 2 3 4
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >

Helsing
1Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus,  2 helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Apostelen og læresveinen hans
 3 Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine.  4 Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede.  5 Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
   
 6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.  8 Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
          
   
 9 Han har frelst oss
          og kalla oss med eit heilagt kall,
          ikkje på grunn av gjerningane våre,
          men etter sin eigen vilje og nåde,
          den som er gjeven oss i Kristus Jesus
          frå evige tider,
          
   
10 og som no har vorte openberra
          då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
          Han har gjort ende på døden
          og ført udødeleg liv
          fram i lyset ved evangeliet.
11 For det er eg sett til herold, apostel og lærar. 12 Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
   
13 Lat dei sunne orda du har høyrt av meg, vera ditt føredøme i tru og kjærleik i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den heilage ande som bur i oss!
   
15 Du veit at alle i Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelos og Hermogenes. 16 Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden til Onesiforos! For han har mange gonger sett mot i meg, og han skamma seg ikkje over lenkjene mine. 17 Nei, då han kom til Roma, leita han ivrig etter meg til han fann meg. 18 Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.
Neste kapittel >

09. juni 2023

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”