Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Apostelgjerningane

22

Paulus held forsvarstale til folket

1 «Brør og fedrar! Høyr på det eg no har å seia til mitt forsvar!» 2 Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare. Og han heldt fram:

3 «Eg er jøde, fødd i Tarsos i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like brennande for Gud som de alle er det i dag. 4 Eg har bunde både kvinner og menn og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfølgt dei som heldt seg til denne Vegen. 5 Det kan eg ta øvstepresten og heile Rådet til vitne på. Dei gav meg brev til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å leggja òg dei som var der, i lenkjer og føra dei til Jerusalem for å få dei straffa. 6 Men då eg var på vegen og nærma meg Damaskus ved middagstid, hende det brått at eit sterkt lys frå himmelen stråla omkring meg. 7 Eg fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?’ 8 ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Han sa til meg: ‘Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfølgjer.’ 9 Dei som var med meg, såg lyset, men høyrde ikkje røysta som tala til meg. 10 ‘Kva skal eg gjera, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er sett til å gjera.’ 11 Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av lyset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg inn til Damaskus.

12 Ananias, ein from mann som levde etter lova og hadde godt ord på seg hos alle jødane der, 13 kom til meg og stod framfor meg og sa: ‘Saul, bror, du skal få att synet!’ Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han. 14 Då sa Ananias: ‘Våre fedrars Gud har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den rettferdige og høyra røysta frå hans munn. 15 For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt. 16 Så kvifor nøler du no? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!’

17 Sidan, då eg var komen tilbake til Jerusalem og bad i tempelet, kom eg i ekstase. 18 Eg såg Herren, og han sa til meg: ‘Skund deg! Far bort frå Jerusalem så fort du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.’ 19 ‘Herre’, svara eg, ‘dei veit sjølve at eg rundt om i synagogane fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei bli piska. 20 Og då blodet til Stefanus rann, han som var vitnet ditt, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kappene deira.’ 21 Då sa Herren til meg: ‘Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.’»

22 Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i å ropa: «Drep han! Ein slik mann burde ikkje få leva på jorda!» 23 Og dei skreik og veiva med kappene sine og kasta støv opp i lufta. 24 Då lét kommandanten Paulus bli ført inn i borga og baud at han skulle forhøyrast med piskeslag, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han. 25 Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa Paulus til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?» 26 Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er romersk borgar!» 27 Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja», svara han. 28 «Eg har kjøpt denne borgarretten for ein stor pengesum», sa kommandanten. «Eg er fødd til han», svara Paulus. 29 Dei som skulle forhøyra han, gjekk då frå han med ein gong. Og kommandanten vart redd då han skjøna at han hadde bunde ein romersk borgar.

Paulus for Rådet

30 Dagen etter ville kommandanten ha full greie på kva det var jødane klaga han for. Difor løyste han Paulus og baud at overprestane og heile Rådet skulle koma saman. Så henta han Paulus og førte han fram for dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.