Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Apostelgjerningane

6

Ei ny teneste i forsamlinga

1 På denne tida, då talet på læresveinar stadig auka, tok dei gresktalande til å klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta. 2 Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer Guds ord for å gjera teneste ved borda. 3 Vel no ut blant dykk, brør, sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva. 4 Sjølve skal vi halda oss til bøna og tenesta med Ordet.» 5 Dette framlegget vart godt motteke av heile forsamlinga. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia. 6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.

7 Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Ein stor flokk av prestane vart òg lydige mot trua.

Stefanus

8 Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket. 9 Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «Synagogen for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar». Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus. 10 Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med. 11 Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud.» 12 På den måten eggja dei opp folket og dei eldste og dei skriftlærde. Og dei gjekk mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet. 13 Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot denne heilage staden og mot lova. 14 Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane som vi har fått overleverte frå Moses.» 15 Då feste dei auga på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.