Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Amos

9

Ingen skal sleppa Guds straff

1 Eg såg Herren stå på altaret.

Han sa: Slå til søylehovuda

så dørstokkane skjelv,

knus dei så dei fell

i hovudet på dei alle!

Dei som måtte bli att, vil eg drepa med sverd.

Ingen av dei skal kunna rømma,

ingen skal berga seg.

2 Om dei grev seg ned i dødsriket,

skal handa mi henta dei opp.

Om dei stig opp til himmelen,

skal eg støyta dei ned.

3 Om dei gøymer seg på Karmels topp,

skal eg finna dei og henta dei ned.

Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,

byd eg ormen bita dei.

4 Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine,

byd eg sverdet drepa dei.

Eg retter auga mot dei

til det vonde og ikkje til det gode.


5 Herren, allhærs Gud,

rører ved jorda, og ho skjelv.

Alle som bur der, sørgjer.

Heile jorda stig som Nilen

og sig som elva i Egypt.


6 Han som har bygd sine høge salar i himmelen

og reist sin kvelv over jorda,

han som kallar på vatnet i havet

og auser det ut over jorda,

Herren er namnet hans.

Straff og reinsing

7 For meg, israelittar, er de som kusjittane,

seier Herren.

Eg førte Israel opp frå Egypt,

men også filistrane frå Kaftor

og aramearane frå Kir.


8 Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:

No vil eg sletta det ut frå jorda.

Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,

seier Herren.

9 For sjå, eg gjev påbod,

og eg rister Israels hus mellom alle folkeslaga

som når ein rister i ei sikt

og ikkje eit sandkorn fell til jorda.

10 For sverdet skal dei døy,

alle syndarane i folket mitt,

dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,

det råkar ikkje oss.»

Israel blir gjenreist

11 Den dagen reiser eg opp att

Davids falne hytte.

Rivnene murar eg att,

og det som ligg i røys, reiser eg opp att.

Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12 så dei kan ta resten av Edom i eige

og alle dei andre folkeslaga

som namnet mitt er nemnt over,

seier Herren, som gjer dette.


13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då den som pløyer, tek att den som haustar,

og den som trakkar druer, tek att den som sår.

Druesaft skal drypa frå fjella

og fløyma frå alle høgder.

14 Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.

Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.

Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.

Dei skal stella til hagar og eta frukta.

15 Eg plantar dei i deira eiga jord,

aldri meir skal dei rykkjast opp

av den jorda eg har gjeve dei,

seier Herren din Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.