Gå til forsiden

Daniel

4

Nebukadnesars galskap

1 «Kong Nebukadnesar til alle folk og nasjonar og tungemål som bur over heile jorda: Rikeleg fred! 2 Lat meg få kunngjera dei teikn og under som Gud, Den høgste, har gjort mot meg.

3 Kor store er hans teikn,

kor veldige hans under!

Hans kongerike er eit evig rike,

hans velde varer frå slekt til slekt.

4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt og sat sunn og frisk i slottet mitt. 5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Dei tankane eg fekk og syna eg hadde i hovudet medan eg låg i senga, skremde meg. 6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babel skulle førast fram for meg og gje meg tydinga av draumen. 7 Då kom draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje gje meg tydinga. 8 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd. Eg fortalde han draumen:

9 Beltsasar, du som er leiar for draumetydarane! Eg veit at i deg er dei heilage gudars ånd, og at ikkje noko mysterium er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei meg tydinga! 10 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga:

Og sjå, eit tre stod midt på jorda. Det var svært høgt. 11 Treet voks seg så stort og sterkt at det nådde til himmelen og var synleg til enden av jorda. 12 Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka fann skugge under det, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene. Alt liv fekk si føde frå det. 13 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga. Eg såg, og sjå! – ein heilag vaktar kom ned frå himmelen. 14 Han ropa med høg røyst:

Hogg treet ned, skjer greinene av,

snøy det for lauv, kast frukta utover!

Dyra under det skal rømma

og fuglane flyga bort frå greinene.

15 Lat berre rotstubben stå att i jorda,

i graset på marka,

men bunden med lenkjer av jern og bronse.

Han skal vætast med dogg frå himmelen,

som dyra skal han eta plantene på marka.

16 Hans menneskehjarte skal forvandlast,

eit dyrehjarte skal han få.

Sju tider skal fara fram over han.

17 Dette har vaktarane vedteke i sitt råd,

dette har dei heilage avgjort med sitt ord.

Slik skal alle som lever, skjøna at Den høgste rår over riket mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og den lågaste av alle menneske kan han setja over det.

18 Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Gjev meg tydinga, du Beltsasar! For ingen vismann i riket mitt kan det. Men du kan, for dei heilage gudars ånd er i deg.»


19 Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund forfærd; tankane hans skremde han. Då sa kongen: «Beltsasar, lat ikkje draumen og tydinga skremma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine! 20 Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmelen, og treet var synleg over heile jorda. 21 Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene. 22 Dette treet er du sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse, ho når heilt til himmelen og herredømet ditt til enden av jorda. 23 Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:

Hogg treet ned og øydelegg det!

Lat berre rotstubben stå att i jorda,

i graset på marka,

men bunden med lenkjer av jern og bronse.

Han skal vætast med dogg frå himmelen

og leva som dyra på marka

til sju tider har fare fram over han.

24 Dette er tydinga, konge. Den høgste har fastsett at dette skal koma over min herre kongen:

25 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil. 26 Når det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att, tyder det at riket igjen skal vera ditt frå den tid du skjønar at Himmelen har makta. 27 Difor, konge, ta imot rådet mitt! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå skulda di med miskunn mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara lenge.»


28 Alt dette hende med kong Nebukadnesar. 29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk omkring på taket av slottet i Babel, 30 sa han brått: «Dette er det store Babel, som eg med mi veldige makt har bygd til kongssete, til ære for min herlegdom!» 31 Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Dette er sagt til deg, kong Nebukadnesar: Riket er teke frå deg. 32 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.»

33 I same augneblinken vart dette ordet oppfylt på Nebukadnesar. Han vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til håret vart langt som ørnefjører og neglene som fugleklør.


34 «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, auga mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den høgste og æra han som lever evig:

Hans velde er eit evig velde,

hans rike varer frå slekt til slekt.

35 Alle som bur på jorda,

er for ingenting å rekna.

Han gjer som han vil med himmelhæren

og med dei som bur på jorda.

Ingen kan halda han tilbake,

ingen kan seia til han:

Kva er det du gjer?

36 I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for kongeriket mitt. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett som konge og fekk endå større makt enn før. 37 Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er sanne og hans vegar rette. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.