Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Daniel

6

Daniel i løvehòla

1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gammal. 2 Dareios valde å setja 120 satrapar over kongeriket, plasserte rundt i heile riket. 3 Over dei sette han tre ministrar, og Daniel var ein av dei. Satrapane skulle gjera rekneskap for dei, så kongen ikkje skulle lida noko tap. 4 Daniel merkte seg ut framfor dei andre ministrane og satrapane, for det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket. 5 Då prøvde ministrane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei greidde ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hos han. 6 Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko hos han når det gjeld religionen hans.»

7 No storma ministrane og satrapane inn til kongen og sa til han: «Lenge leve kong Dareios! 8 Alle ministrane, guvernørane, satrapane, rådsherrane og statthaldarane har halde råd og vorte samde om at kongen bør senda ut ei forordning med eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, skal kastast i løvehòla. 9 Gjev no eit slikt påbod, konge, og set opp eit skriv som ikkje kan kallast tilbake, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan endrast.» 10 I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

11 Så snart Daniel fekk vita at skrivet var sett opp, gjekk han inn i huset sitt. I takkammeret hadde han opne vindauge som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, for slik hadde han alltid gjort. 12 Då storma mennene inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13 Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehòla?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan endrast.» 14 Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, retter seg korkje etter deg eller etter det påbodet du har sendt skriv om. Tre gonger om dagen held han si bøn.»

15 Då kongen høyrde det, gjorde det han svært vondt, og han bestemte seg for å berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å redda han. 16 Igjen storma mennene inn til kongen og sa til han: «Gløym ikkje, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve eller noka forordning han har sendt ut, kan kallast tilbake.» 17 Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehòla. Kongen sa til Daniel: «Måtte din Gud, som du framleis dyrkar, berga deg!» 18 Dei henta ein stein og la han over opninga til hòla. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet til stormennene sine, så ingenting kunne endrast når det gjaldt Daniel. 19 Etter dette gjekk kongen til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét ingen kvinner koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20 Tidleg om morgonen, ved soloppgang, stod kongen opp og skunda seg til løvehòla. 21 Då han kom bort til hòla, ropa han på Daniel med angst i stemma: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stadig dyrkar, kunna berga deg frå løvene?» 22 Då svara Daniel: «Lenge leve kongen! 23 Min Gud sende engelen sin og lukka gapet på løvene så dei ikkje skadde meg. For eg er funnen skuldfri for han. Og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.» 24 Då vart kongen svært glad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hòla. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han, for han hadde sett si lit til sin Gud. 25 Kongen baud no at dei mennene som hadde ført klagemål mot Daniel, skulle hentast og kastast i løvehòla saman med borna og konene sine. Før dei var komne til botnen i hòla, rauk løvene på dei og krasa kvart bein i kroppen deira.

26 Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og nasjonar og tungemål over heile jorda:


«Rikeleg fred! 27 Med dette byd eg at folket i mitt kongerike, så langt mitt velde rår, skal frykta og skjelva for Daniels Gud.

For han er den levande Gud,

han er til evig tid.

Hans kongerike går ikkje til grunne,

hans velde tek aldri slutt.

28 Han bergar og reddar,

han gjer teikn og under

i himmelen og på jorda.

Han berga Daniel frå løveklørne.»


29 Daniel hadde stor framgang medan Dareios og persaren Kyros var kongar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.