Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Femte Mosebok

12

Ein bustad for Herrens namn

1 Dette er dei forskriftene og lovene som de trufast skal følgja i det landet Herren, dine fedrars Gud, vil la deg ta i eige, så lenge de lever i landet.

2 De skal øydeleggja alle dei stadene der folkeslaga som de driv bort, dyrkar gudane sine, på høge fjell og haugar og under kvart frodig tre. 3 De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og utsletta namna deira frå desse stadene.

4 De skal ikkje dyrka Herren dykkar Gud på den måten. 5 Men de skal søkja til den staden som Herren dykkar Gud vel ut blant alle stammane dykkar til bustad for namnet sitt. Dit skal du gå. 6 Og dit skal de bera fram brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og dei gåvene de ber fram, lovnadsoffera og dei frivillige offera, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet. 7 Og der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds andlet, de og huset dykkar, og gleda dykk over det som hendene dykkar har gjort, alt som Herren din Gud har velsigna deg med.

8 De må ikkje bera dykk åt slik som vi gjer her i dag. No gjer kvar og ein som han sjølv finn det for godt. 9 Enno er de ikkje komne fram til kvila, til den eigedomen som Herren din Gud vil gje deg. 10 De skal no gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk til eige. Han vil la dykk finna kvile og få fred for alle fiendar omkring, slik at de kan bu trygt. 11 Då skal de koma med alt det eg byd dykk, til den staden som Herren dykkar Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu: brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og gåvene de ber fram, og alle offera som de sjølve har lova Herren. 12 De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds andlet, de og sønene og døtrene dykkar, slavane og slavekvinnene dykkar og levitten som bur i byane dykkar; han har då ingen arv og del saman med dykk.

13 Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar stad du ser. 14 Berre på den staden Herren vel seg ut i ein av stammane dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15 Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort. 16 Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

17 Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av korn, ny vin og fin olje, heller ikkje det som er førstefødd av storfeet og småfeet ditt, dei offera du sjølv har lova å gje, dei frivillige offera eller dei gåvene du ber fram. 18 Men du skal eta dette for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut, du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di og levitten som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds andlet over alt det hendene dine har gjort. 19 Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever i landet ditt.

20 Når Herren din Gud utvidar grensene dine slik han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt» fordi du har hug på kjøt, då kan du eta kjøt så mykje du vil. 21 Har du for lang veg til den staden Herren din Gud vil velja ut for namnet sitt, skal du gjera som eg har sagt deg. Du skal slakta av storfeet og småfeet som Herren gjev deg, og eta det heime i byane dine, så mykje du har hug på. 22 Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det. 23 Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet. 24 Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn! 25 Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens auge.

26 Berre lovnadsoffera og dei heilage gåvene som du vil gje, skal du ta med deg til den staden Herren vil velja seg ut. 27 Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret for Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta. 28 Legg vinn på å lyda alt det eg byd deg! Då skal det gå deg og etterkomarane dine vel til alle tider, for då gjer du det som er godt og rett i Herren din Guds auge.

29  Herren din Gud vil utrydda for deg dei folkeslaga som du no skal gå imot og driva bort. Når du så har drive dei bort og busett deg i landet deira, 30 ta deg då i vare så du ikkje lèt deg lokka i ei felle og tek etter dei, etter at dei har vorte utrydda for deg. Du skal ikkje venda deg mot gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folkeslaga gudane sine? Eg vil gjera som dei.» 31 Du skal ikkje dyrka Herren din Gud slik! Alle dei gjerningane som Herren skyr og hatar, gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei i elden for gudane sine. 32 Alt det eg byd dykk, skal de trufast følgja. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.