Gå til forsiden

Femte Mosebok

14

Forbodne sørgjeskikkar

1 De er born av Herren dykkar Gud. De skal ikkje skjera dykk eller raka dykk snaue over panna når de sørgjer over ein som er død. 2 For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren valt ut deg til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.

Reine og ureine dyr

3 Du skal ikkje eta noko som er avskyeleg. 4 Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit, 5 hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit. 6 Alle dyr som både har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. 7 Men av dyr som anten jortar eller har klauver som er kløyvde heilt igjennom, skal de ikkje eta kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver, og de skal halda dei for ureine. 8 Svinet skal de òg halda for ureint, for det har klauver, men jortar ikkje. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og skrottane deira skal de ikkje røra.

9 Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta. 10 Men de skal ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11 Alle reine fuglar kan de eta. 12 Men desse fuglane skal de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben, 13 glenten og alle slag falkar, 14 alle slag ramnar, 15 strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 16 kattugla, hubroen og slørugla, 17 pelikanen, åtselgribben og skarven, 18 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa. 19 Alle insekt som svermar, skal de halda for ureine. Dei må ikkje etast. 20 Men alle reine fuglar kan de eta.

21 De skal ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine så han kan eta det. Eller du kan selja det til ein framand. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.

Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

Lova om tiend

22 Sjå til at du gjev tiend av avlinga di, alt det som veks på åkeren, år for år. 23 For Herren din Guds andlet, på den staden han vel ut til bustad for namnet sitt, skal du eta tienda av korn, ny vin og fin olje, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet, slik at du kan læra å frykta Herren din Gud alle dine dagar. 24 Men om vegen er for lang for deg, så du ikkje maktar å bera med deg tienda som Herren din Gud velsignar deg med, og staden som Herren din Gud vil velja seg ut for namnet sitt, er langt borte frå deg, 25 kan du selja tienda for sølv. Ta sølvpengane i handa og gå til den staden som Herren din Gud vil velja seg ut. 26 Der kan du bruka sølvet til å kjøpa alt du måtte ønskja deg, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles måtte be om. Så skal du halda måltid framfor Herren din Guds andlet og gleda deg, du og huset ditt. 27 Du må heller ikkje gløyma levitten i byane dine, for han har ingen arv og del saman med deg.

28 Kvart tredje år skal du ta heile tienda av det du har avla det siste året, og samla henne i byane dine. 29 Så kan dei koma og eta seg mette, både levittane, som ikkje har nokon arv og del med deg, innflyttarane, dei farlause og enkjene i byane dine, og Herren din Gud vil velsigna deg og alt arbeidet du gjer med hendene dine.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.