Gå til forsiden

Femte Mosebok

21

Drap med ukjend gjerningsmann

1 Når nokon finn ein mann som ligg drepen ute i ope lende i det landet Herren din Gud gjev deg i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel, 2 skal dei eldste og dommarane dine gå ut og måla kor langt det er frå den drepne til byane omkring. 3 Dei skal slå fast kva for ein by som ligg nærast den drepne. Dei eldste frå denne byen skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid, og som aldri har hatt åk på seg. 4 Dei eldste skal leia kviga ned til ein bekk som aldri tørkar ut, på ein stad der marka korkje blir pløgd eller sådd. Der skal dei bryta nakken på kviga.

5 Så skal levittprestane koma. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i Herrens namn, og til å dømma i alle saker som gjeld tvistemål eller vald. 6 Alle dei eldste i den byen som er nærast den drepne, skal vaska hendene sine i bekken, over kviga som dei har brote nakken på. 7 Og så skal dei stå fram og seia: «Hendene våre har ikkje rent ut dette blodet, og auga våre har ikkje sett det som hende. 8  Herre, gje forsoning til Israel, folket ditt, som du har fria ut! Lat ikkje skuldlaust blod hefta ved Israel, folket ditt!» Då får dei soning for blodskulda. 9 Slik tek du det uskuldige blodet bort frå deg når du gjer det som rett er i Herrens auge.

Familierett og strafferett

10 Det kan henda at du dreg i krig mot fiendane dine og Herren din Gud gjev dei over i dine hender så du tek nokon av dei til fange. 11 Mellom fangane ser du ei vakker kvinne som du trår etter og vil gifta deg med. 12 Då skal du føra henne inn i huset ditt. Ho skal barbera hovudet og klippa neglene 13 og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og gråta over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne. Du skal vera mannen hennar, og ho skal vera kona di. 14 Men dersom du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må aldri selja henne for pengar eller fara åt med henne som ein slave, sidan du har fått viljen din med henne.

15 Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han mislikar. Han får søner med begge to, men den eldste er son til den han mislikar. 16 Når den dagen kjem at han skal fordela arven mellom sønene sine, må han ikkje dela som om son til den han elskar, var den førstefødde, til skade for den eldste, som er son til den han mislikar. 17 Han skal vedkjenna seg den førstefødde, som er son til den han mislikar, og gje han dobbel arvedel av alt han eig. For han var den første frukta av hans manndom, og førstefødselsretten høyrer han til.

18 Det kan henda at ein mann har ein trassig og opprørsk son som ikkje vil høyra på far sin og mor si og ikkje lyder dei, endå dei straffar han. 19 Då skal far hans og mor hans ta han med til dei eldste i byen, til byporten, 20 og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!» 21 Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Du skal utrydda det vonde hos deg. Heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle.

22 Når ein mann blir dømd til døden og han blir avretta og hengd opp på eit tre, 23 skal du ikkje la den døde kroppen hans bli hangande på treet, men gravleggja han same dagen. For den som blir hengd opp, er forbanna av Gud. Du skal ikkje gjera ureint det landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.