Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Femte Mosebok

22

Ymse påbod

1 Om du ser at oksen eller sauen til landsmannen din har gått seg bort, skal du ikkje snu ryggen til, men føra dyret tilbake til landsmannen din. 2 Dersom han ikkje bur i grannelaget eller du ikkje veit kven han er, skal du ta dyret heim til deg og ha det hos deg til landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få att dyret. 3 Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det så måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.

4 Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende på vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.

5 Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For Herren din Gud avskyr alle som gjer slikt.

6 Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta mora saman med ungane. 7 Lat mora flyga sin veg, men ungane kan du ta. Då vil det gå deg vel, og du skal få leva lenge.

8 Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket, så du ikkje fører blodskuld over huset om nokon fell ned frå det.

9 Du skal ikkje så noko mellom vinstokkane dine. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sådd, og frukta frå vingarden.

10 Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.

11 Du skal ikkje gå i klede som er vovne av blanda tråd, ull og lin saman.

12 Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna på kappa som du har om deg.

Lover om utruskap og valdtekt

13 Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne. 14 Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.» 15 Då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten. 16 Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne. 17 Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen. 18 Då skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han 19 og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20 Men dersom skuldinga er sann, om det ikkje finst teikn på at jenta var jomfru, 21 då skal dei føra henne ut framfor døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive hor i huset til far sin. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

22 Om ein mann blir oppdaga medan han ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen som har lege med henne, og kvinna sjølv. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.

23 Om ein mann treffer ei ung jente i byen, ei jomfru som er lova bort til ein annan mann, og ligg med henne, 24 då skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte ein annan manns kvinne. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

25 Men er det ute på marka at ein mann treffer ei jente som er lova bort, og tek henne med makt og ligg med henne, då skal berre mannen som låg med henne, døy. 26 Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har ikkje gjort noka dødssynd. For dette er ei sak som liknar den at ein mann går på ein annan mann og slår han i hel. 27 For han fann henne ute på marka. Jenta skreik, men det var ingen som hjelpte henne.

28 Om ein mann treffer ei jente som er jomfru og ikkje er lova bort, og han tvingar seg til å liggja med henne, og dei blir oppdaga, 29 då skal mannen som låg med jenta, betala far hennar femti sjekel sølv. Ho skal vera kona hans fordi han krenkte henne, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

30 Ingen må ta kona til far sin til ekte; han må ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.