Gå til forsiden

Femte Mosebok

23

Dei som er utestengde frå forsamlinga

1 Ingen som har fått testiklane knuste eller penis avskoren, får vera med i Herrens forsamling.

2 Ingen som er fødd i forbode ekteskap, skal få vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane hans i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling.

3 Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane deira i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling. Slik skal det vera for all framtid. 4 For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i aramearlandet mellom elvane, til å forbanna deg. 5 Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Herren din Gud vende forbanninga til velsigning for deg fordi han elska deg. 6 Aldri skal du, så lenge du lever, gjera noko for å fremja deira fred og velferd.

7 Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans. 8 Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.

Leiren skal vera heilag

9 Når du dreg ut i felt mot fiendane dine, skal du akta deg for alt ureint. 10 Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att 11 før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola går ned, kan han koma inn i leiren.

12 Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til. 13 Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå. 14 For Herren din Gud går omkring i leiren for å berga deg og overgje fiendane til deg. Difor skal leiren vera heilag. Han må ikkje sjå noko usømeleg hos deg, for då vender han seg bort frå deg.

15 Du skal ikkje utlevera ein slave til herren hans når han har rømt frå herren sin og søkt tilflukt hos deg. 16 Lat han få bli hos deg og slå seg ned der han vil blant byane dine, der han likar seg best. Du skal ikkje oppføra deg dårleg mot han.

17 Inga israelittisk kvinne får vera tempelprostituert, og heller ingen israelittisk mann. 18 Når du skal innfri ein lovnad, skal du ikkje koma til Herren din Guds hus med løna frå ei hore eller pengar frå ein hund, for begge delar er avskyelege for Herren din Gud.

Reglar om renter og lovnader

19 Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann, korkje av pengar eller av mat eller av noko anna som kan lånast ut mot rente. 20 Av ein framand kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt hendene dine gjer, i det landet du går inn i og skal leggja under deg.

21 Når du gjev Herren din Gud ein lovnad, skal du ikkje dryga med å halda det du har lova. Elles vil Herren din Gud krevja det av deg, og du set deg i skuld. 22 Lèt du vera å lova noko, blir du ikkje skuldig. 23 Men det som kjem over leppene dine, må du halda og gjera. For av fri vilje har du gjeve Herren din Gud den lovnaden som du har uttala med din eigen munn.

24 Når du kjem inn i annan manns vinmark, kan du eta så mykje druer du vil, til du blir mett. Men du må ikkje sanka i spann. 25 Når du kjem inn på annan manns kornåker, kan du plukka aks med handa. Men sigd må du ikkje bruka på annan manns korn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.