Gå til forsiden

Femte Mosebok

27

Altaret på Ebal-fjellet

1 Moses og dei eldste i Israel påla folket dette: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag. 2 Den dagen de går over Jordan og til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei. 3 Når du kjem over, skal du skriva alle orda i denne lova på dei. Då skal du få koma inn i det landet Herren din Gud vil gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, slik som Herren, dine fedrars Gud, lova deg. 4 Når de kjem over Jordan, skal de på Ebal-fjellet reisa desse steinane slik eg byd dykk i dag, og du skal stryka kalk på dei. 5 Der skal du byggja eit altar for Herren din Gud, eit altar av stein. Bruk ikkje meisel på dei! 6 Altaret for Herren din Gud skal du byggja av steinar som ikkje er hogne til. På det skal du bera fram brennoffer for Herren din Gud. 7 Så skal du ofra fredsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds andlet. 8 Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle orda i denne lova.

Forbanningar

9 Moses og levittprestane tala til heile Israel: «Ver stille! Høyr, Israel! Denne dagen har du vorte Herren din Guds folk. 10 Ver lydig mot Herren din Gud og hald boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag.»

11 Same dagen gav Moses folket dette påbodet: 12 Når de har gått over Jordan, skal desse stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin. 13 Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.

14 Levittane skal ta ordet og seia med høg røyst til kvar einaste israelitt:

15 Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16 Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17 Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.

18 Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19 Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20 Forbanna er den som ligg med kona til far sin, for han har teke kappefliken til far sin bort frå henne. Og heile folket skal seia: Amen.

21 Forbanna er den som ligg med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.

22 Forbanna er den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

23 Forbanna er den som ligg med svigermor si! Og heile folket skal seia: Amen.

24 Forbanna er den som i løynd slår ned grannen sin! Og heile folket skal seia: Amen.

25 Forbanna er den som lèt seg kjøpa til å slå i hel ein skuldlaus! Og heile folket skal seia: Amen.

26 Forbanna er den som ikkje held orda i denne lova og ikkje lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.